Feirer bursdag med Lina

På laurdag har eg bursdag. Den skal eg feira frå ryggen til C.C. Lina i det fyrste løpet på Sørlandets travpark. Eg har ikkje ridd Lina sidan 10. mai, så det var kjekt å få telefon frå Kari Anne om eg ville ri ho igjen. Ho har starta tre gongar sidan sist eg rei, men ikkje tent ei krone. Sist eg rei ho synest eg ho kjentest betre ut og verka piggare, slik som fyrste gongen eg rei ho. No har ho hatt pause sidan 26. juni, så eg er usikker på formen no. Lina er ei kjekk dame, så me får gjera så godt me kan. Me fekk spor 2 og det passar ho bra sidan ho er rask ut på auto. Sidan det er lenge sidan sist start må me nok ri for ein premie her.

Motstanden:
1. Ziriumzam: Var bra i sitt fyrste montéløp, men har skuffa litt etterpå. Ny rytter. Premiekandidat.
3. Amazing News: Har berre gått prøveløp under sal. Gjekk 20,2 der. Malin Berås rir og han er sikkert betre enn prøveløpstida. Kjemper langt framme i debuten.
4. Kjell Bjarne: Vann i sin montédebut. God hest. Kan fort vinna igjen.
5. Starchip Victory: Gjekk prøveløp på 19,3. Vart diskvalifisert som fjerdehest i montédebuten. Trippelkandidat.
6. Sir Baltic: Har gått eit travritt, enda på 3. plass då. Ny rytter her og kjemper nok om ein premie.
7. Zoogan Bowl: Går nesten berre monté og gjer ofte fine løp. Kan vera på trippelen her.
8. Britney Sign: Har gått bedre for kvart montéløp. Ukjent rytter. Kjemper om premie eller siste trippelplassen her.
9. Wembley Boko: God i monté og kjemper om seieren igjen, sjølv om han ikkje har trava som best dei siste startane.

Dette er eit løp med fleire brukande montéhestar og fleire med lite rutine under sal. Lina må kjempa om ein premie her. Seieren trur eg går til Kjell Bjarne eller Wembley Boko, fleire av dei andre kan kjempa om siste trippelplassen.


Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 13:50)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 250.000 kr., åpent for alle montelisenser.
2140 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2140 1 Ziriumzam Nina Therese Lervik 157.500 1.15,8v 1.14,7a
2140 2 C.C. Lina Charlotte Steine 231.250 1.17,4v 1.14,8a
2140 3 Amazing News Malin Berås 133.000 1.16,8v 1.16,0a
2140 4 Kjell Bjarne Brit Lea 239.000 1.16,2v 1.13,3a
2140 5 Starchip Victory Madelen Berås 250.000 1.20,7v 1.15,0a
2140 6 Sir Baltic Gry Vigdis Bachmann 59.000 1.19,3v 1.16,6a
2140 7 Zoogan Bowl Monica Haugen 248.000 1.17,2v 1.15,7a
2140 8 Britney Sign Maria Hansen 196.500 1.17,2v 1.14,7a
2140 9 Wembley Boko Kari Anne Knutsen 206.841 1.17,3v 1.16,0a

Kommentarer

  1. Du og Lina pleier jo alltid og hente dere en premie dere. Masse lykke til. :)

    Kjedelig og bli distansert i går, men var jo ett grisehardt tempo i går.....

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg