Ein godkjent og ein pasient

Carolina K. rei eg i montéprøveløp i Bergen i går. Det gjekk greit. Ho var veldig trampete i aksjonen framme, så eg tok på bussar etter varminga. I prøveløpet viste det seg at ho var veldig redd for sprut og ho ville ikkje ta i når det kom steinar frå konkurrentane framføre. Eg la meg roleg til og konsentrerte meg om å halda ho i trav. Ho gjekk i jamt tempo fyrsterunden, men dei to framføre fekk forsprang på oss slik at det ikkje spruta, så sisterunden tok ho i. Til slutt enda ho på 38,3 og godkjent. Eigaren var nøgd, men eg anbefalte nokre hurtigarbeid og sprutmaske før ein eventuell debut.

I montéløpet rei eg Shocking Love. I varminga kjendest han ut som ein rund million og eg trudde me kunne kjempa langt framme. Eg rekna med det skulle verta hard riding i tet, så eg tok opp direkte. Hardt vart det. Fyrste 500 meterane opna dei på 1.11 og fyrste 1000 meter på 1.13,9. Det var for fort for Shocking Love. Han var skeiv på svingane og viste lite framgang. 6-700 meter frå mål datt han heilt saman i aksjonen. Eg ville ikkje jaga på han og berre daffa til mål. Han kjendest halt ut og såg veldig stiv ut då eg hoppa av etter løpet. Han skal sjekkast opp for å sjå om det var noko gale med han. Eg trur det er ein veldig fin montéhest om helsa er i orden. Eit bilete av han, teke av Eirik Blindheim:




Kommentarer

Populære innlegg