Ein spanande debutant i morgon

I morgon skal eg på tur til Bergen for å ri montéløp på ein debutant. Eg har fått eit gjesteoppsitt på Fodnes Corrado. Han gjekk prøveløp med Oda Mykkeltvedt på ryggen 28. juli. Der imponerte han meg. Fyrste 500 meterane opna han på 1.28, så auka han til 1.24 første 1000 meter. Det vil seia at han gjekk 1.20 andre 500 meter! Han haldt følgje med varmblodshesten til siste langsida. Då stoppa han litt, men starta opp att og kom i mål på 1.28,9. Eg trur Corrado kan duga i monté. Feltet er lite og om han løyser frå start kan me kanskje henta litt på Trø Stilig på startsida.

Motstanden:
1. Elve Prinsen: Har gått greie montéløp og fått premiar kvar gong, men møter sannsynlegvis for tøff motstand her.
2. Trø Stilig: Imponerte i sitt siste montéløp og vann enkelt då. Har vist kanonform etterpå. Ny rytter kan kanskje ha innverknad. Om han stikk avgarde og held tempoet høgt vert det vanskeleg for tilleggshestane å henta han inn att.
3. Gil Rau Jo: Er ein jamn og flink montéhest. Har ikkje starta sidan 23. juni og har gått på beite. Kanskje tung i kroppen fyrste gong ut?
4. Nøkle Pål: Var litt slakk nokre løp tidlegare, men gjekk 26,6 i eit løp i juli. Må vera tilbake i slag for å henta inn Trø Stilig.
6. Gilborken: Går alltid gode montéløp. Klarte ikkje henta Trø Stilig sist. Har ikkje starta sidan 23. juni og har vore på beite, må vera betre enn sist for å vinna.
7. Espe Viktor: Må vera nøgd om han klarer å få ein premie her.

Om Trø Stilig får dirigera i tet kan han fort halda heilt til mål. Formen er god og med innsats som sist kan han vera først igjen. Nøkle Pål og Gilborken er flinke montéhestar som tek opp kampen. Eg trur Fodnes Corrado skal reknast i toppen allereie i debuten om han går som i prøveløpet og eg klarer å halda han i eit kontrollert tempo.


Løp: 10 Montéløp (ca. kl. 21:12)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige , åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 115.000 kr., 40 m ved 190.000 kr., 60 m ved 340.000 kr., 80 m ved 640.000 kr., 100 m ved 1.240.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2120 1 Elve Prinsen Victoria Steine 144.500 1.30,2v 1.27,5a
2120 2 Trø Stilig Lene Bjånes Indrevær 152.500 1.30,7v 1.27,5a
2140 3 Gil Rau Jo Evy Katrin Teigen 272.700 1.27,9v 1.28,2a
2160 4 Nøkle Pål Renate Aarlie 565.700 1.26,3v 1.25,8a
2160 5 Fodnes Corrado Charlotte Steine 422.000 1.26,2v 1.24,7a
2180 6 Gilborken Iselin Teigen 693.500 1.25,5v 1.23,8a
2180 7 Espe Viktor Linda Thorsen 753.300 1.24,9v 1.25,5a

Kommentarer

Populære innlegg