Fodnes Corrado fungerte ikkje

Det vart bomtur til Bergen. Fodnes Corrado skulle ikkje varmast i banen, men eg fekk ri ein runde for å kjenna på han. Då verka han ikkje heilt fin i aksjonen, men han var roleg og regulerbar. Etter defileringa vart han hissig. Han tok avgarde i prøvestarten, men travet fløyt ikkje. Etter me hadde fått på sjekken vart han endå dummare.

Då starten gjekk løyste han godt, men strekhestane gjekk fort i front. Han sprang fortare enn travet ville flyta, og eg prøvde å hjelpa han så godt eg kunne. Det gjekk ikkje så bra. Etter ein runde kom galoppen, og då var han vanskeleg å stoppa. Eg fekk han ned i trav att, men han verka stokk halt. Eg prøvde å bryta løpet, men då me nærma oss porten raste han avgarde i galopp på nytt. Då hadde eg ikkje så mykje eg skulle sagt, og eg var veldig glad då han endeleg stoppa slik at me kom oss ut av banen. Eigarane ville sjekka han opp etter innsatsen. Han er nok veldig god under sal når han er i orden. Det var synd han ikkje var det denne gongen.

Kommentarer

Populære innlegg