Lillruben på Forus i morgon

I morgon skal eg endeleg ut å ri løp att. Eg har ikkje ridd sidan 23. juni, det vil seia 7 veker utan løpstrening. Så eg gler meg verkeleg til å koma i banen att. Det er ekstra kjekt at det er Lillruben eg skal ri. Han har vore veldig flink i montéløpa han har gått. Denne gongen har me endeleg vore heldige med sporet. Han er rask frå start og har fordel av auto, men eg veit ikkje om me klarar å forsvara fyrstesporet. Om me klarer det, trur eg at eg vil prøva å ri i tet. Han har gått fine løp bakfrå. På Biri sist gjorde han nok eit godt løp der han gjorde mykje sjølv. Lillruben er ein herleg hest å ri og om formen er intakt trur eg han kan vera på trippelen dette løpet òg.

Motstanden:
2. Manstrong: Han har ikkje vist noko særleg form i det siste, men er betre i monté.
3. Inspector Barnaby: Debuterer i monté, og har berre prøveløp på 19,7 bak seg. Siv Emilie Løvvold kjem frå Austlandet for å ri, og han skal reknast med sjanse.
4. Glide: Er god i monté. Han har hatt pause no og Kristine Kvasnes har sett ut løpet lenge. Kjemper i toppen her.
5. Nok'en Siem: Har to montéprøveløp bak seg. Imponerte ikkje i det fyrste forsøket. Gjekk 19,4 i det andre forsøket. Usikker på kva han kan.
6. Moreno: Strøket.
7. Blow The Bugle: God montéhest som jamleg går gode løp. Har kjempa i vanskelegare løp på Austlandet. Ny rytter. Kan kjempa i toppen.
8. Luigi: Vart diska for galopp i sitt fyrste montéløp, men gjekk fint til 2. plass andre gongen. Brit Lea rir denne gongen. Ho har vunne eit løp med hesten på lokalkøyring.

Det er vanskeleg å plukka vinnaren i dette løpet. Mange kan vera med og kjempa i toppen. Eg håper at Lillruben gjer ein ny, bra innsats og at me får ein fin premie.

Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 18:00)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 500.000 kr., åpent for alle montelisenser.
2040 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Lillruben Charlotte Steine 308.941 1.17,2v 1.14,3a
2040 2 Manstrong Jeanett D. Knappskog 386.000 1.15,9v 1.14,1a
2040 3 Inspector Barnaby Siv Emilie Løvvold 347.532 1.15,7v 1.14,2a
2040 4 Glide Kristine Kvasnes 282.500 1.16,7v 1.15,6a
2040 5 Nok'en Siem Camilla Sund 243.914 1.18,8v 1.14,9a
2040 6 Moreno Lise Hjetland 376.384 1.15,8v 1.13,6a
2040 7 Blow The Bugle Monica Refsland 262.000 1.17,9v 1.14,7a
2040 8 Luigi Brit Lea 406.000 1.15,6v 1.13,2a

Kommentarer

Populære innlegg