Årets fyrste siger

I dag rei eg Lillruben i montéløpet på Forus. Før løpet håpte eg at me klarte å forsvara sporet og kanskje fekk sitja i tet, men slik gjekk det ikkje. Bilen køyrde seint synest eg, og auka farten brått. Då fekk eg han ikkje på hogget, og han rakk ikkje få opp farten. Hestane som kom på utsida la trongt inn mot han, så eg var redd han skulle feila. Heldigvis gjorde han ikkje det.

Eg ville ikkje sitja fast med han og gjekk ut i dødens med ein gong. Blow The Bugle sat i tet, men han trava dårleg, så eg trudde kanskje han kom til å galoppera av å få trykk. Det gjorde han ikkje, så det vart litt hardt. Eg visste at Lillruben var sterk. Han har gått gode sisterundar i alle montéløpa. Då me opna fyrste 500 meter på 1.14,2 og fyrste 1000 meter på 1.15,6 synest eg det var fint. Eg drog proppane fyrst og han tok tak i det og la trykk på tethesten. Inn mot siste svingen drog eg skylappane og han tente til igjen. Midt i siste svingen slo han fram øyra og bråstoppa. Då måtte eg jaga han for å rista liv i han att. Det svarte han godt på og han kopla enkelt grepet og seig inn til ein enkel siger på 1.16,9.

Det var veldig godt å få årets fyrste siger. Lillruben fortjente verkeleg å få ein siger. Han har framleis ikkje vore utanfor trippelen i monté og imponerer meg gong på gong. Han er ein krigar og kjempar heilt inn. Det var skikkelig godt å kjenna sigerens sødme att.

Eg håper at nokre av fotografane har bilete av han, men her er målfoto som viser at sigeren var kontrollert etter reise i dødens:



Kommentarer

Populære innlegg