Vanskelige Ronald Star

I går rei eg Ronald Star. Det var hans montédebut. Då me skulle varma, ville han ikkje ut i banen. Då me kom oss i banen skjena han ut att etter ein runde. Eg fekk stramma salen, og kom meg inn i banen igjen. Då måtte eg vera meir bestemt med han. Eigentleg skulle eg ta ein prøvestart med han, men det slo eg frå meg og testa han rundt ein sving i staden for. Han gjekk styggfort gjennom den svingen, og minna meg litt om Rousseau Detain. Etterpå fekk eg roa han ned att.

Til løpet sette me på heilstengt. Han gjekk ut i banen og gjekk fint i defileringa, men då me snudde til prøvestarten berre galopperte og tulla han og skjente ut mot gjerdet. Der klirra stigbøylen mot gjerdet ei stund, og eg måtte skrika til han for å få han vidare. Då eg først fekk fart på han fungerte han fint i prøvestarten.

I volten var han vrang, og då me snudde opp berre tulla han og skjente utover i banen. Det vart to omstartar, og han vart meir hissig for kvar av dei. Då starten gjekk tulla han, men eg lot han berre finna beina sine, så me tapte mykje i starten. Han fekk ein stein på seg i den fyrste svingen, då trakk han seg litt og galopperte. Etterpå gjekk han fint, men då hadde me tapt for mykje. Den siste svingen vart ikkje som planlagt. Eg var på veg rundt ein konkurrent framføre, men så galopperte denne og ho var på veg utover i banen. Då tenkte eg at eg kunne ri på innsida, men då hadde ho fått ein annan konkurrent på sida og drog innover igjen. Det var heldigvis plass nok til at det gjekk bra. Han fullførte fint til mål og gjekk 1.18,9. Ronald Star var ingen enkel hest å ri. Det vil nok vera enklare å få han i gang på autostart, men å få han rundt i volten var ikkje enkelt. Me enda utan premie.

Kommentarer

Populære innlegg