Ronald Star på Forus

På Forus tysdag har eg fått eit spennande oppsitt på Ronald Star. Også han vert trent av Kari Anne Knutsen. Han har berre eit prøveløp i monté, og då gjekk han 21,4 med galopp for Kari Anne. Han går jamne gode tider heile vegen, både på sprint og mellomdistanse. Denne gongen skal me ut på 2160 meter, som vil seia at me har 40 meter tillegg. Sidan det ikkje er hestar på strek, har me eigentleg berre 20 meter tillegg.

Av motstand er Lantern veldig bra, og det er Kings Centaurus og. Glide er ein vinnarhest i monté, og går heile tida gode løp. Waterhead Girl gjorde gode montéløp på østlandet. K.L.M. Kilroy fungerte veldig fint for meg då eg rei han, men fekk ikkje premie på Bjerke, men fekk 4. i sin siste start. Caroline L.B. Morken skal ri han, og ho har ridd han før. Moreno gjorde ein fin innsats sist og Hr. Lollipop går greie løp kvar gong i monté. Moon Dreamer har avslutta styggfort i montéløpa sine, og han har fin form.

Det vert eit spennande løp, og kvaliteten på feltet er høg. Eg gler meg til å prøva Ronald Star. Han gjer ein spennande debut, og eg trur han kan duga eit stykke i monté.

Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 18:00)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige, åpent for alle montelisenser.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 150.000 kr., 40 m ved 450.000 kr.
Premier: 16.000-8.000-5.000-3.500-2.500-(2.000) kr.
Varmblods Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2060 1 Moreno Siw Helen Bø 343.884 1.15,8v 1.14,0a
2060 2 K.L.M. Kilroy Ronja Good Djøseland 295.000 1.16,9v 1.14,6a
2060 3 Waterhead Girl Anne-Marie Mattingsdal 428.300 1.15,4v 1.14,1a
2060 4 Hr. Lollipop Malin Berås 419.611 1.14,8v 1.13,8a
2060 5 Glide Kristine Kvasnes 213.500 1.18,0v 1.16,5a
2060 6 Lantern Monica Refsland 370.100 1.15,8v 1.13,4a
2080 7 Moon Dreamer Marielle Øvrebø 914.172 1.15,5v 1.11,2a
2080 8 Ronald Star Charlotte Steine 958.670 1.14,2v 1.12,8a
2080 9 Kings Centaurus Kari Anne Knutsen 504.893 1.15,7v 1.14,8a

Kommentarer

  1. Så bra at det blei så mange hester. Er jo fortsatt noe igjen til fullt felt. Men kommer seg sakte men sikkert.

    Masse lykke til i løpet. Alltid kjekt og prøve nye hester.

    SvarSlett
  2. Spennende løp :) Skal heie!!

    SvarSlett
  3. På Forus blir løpene redda av at Kari Anne har så mange som kan starta. I Bergen har me ingen som kan redda dei, så der går mange av løpene ut.
    Takk :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg