Overraskande 2. plass med C.C. Lina


På Forus i går vart det første V75-stevnet arrangert. Løpsdagen starta med eitt montéløp med autostart. Det vart mykje kluss før start. Medallion's Chief ville ikkje opp til bilen, og dei laga mykje trøbbel, og vart til slutt bortvist. Før løpet sa Kari Anne Knutsen at C.C. Lina var rask frå start, så eg bestemte meg for å ri frå start og heller sleppa til ein betre konkurrent. Ho fortalde og at eg måtte vera etter ho, og halda ho på bittet heile vegen. Det var ikkje nødvendig i dag. Eg smatta på ho to gongar før bilen slapp feltet, og då var det gjort.

C.C. Lina var veldig rask frå start og me fekk lett teten. Ho vart veldig hissig og tok avgarde. Eg prøvde å halda i ho og roa ho ned, men me fekk fleire lengder til konkurrentane. Første 500 meterane åpna me på 1.16,3, og framleis haldt eg det eg kunne utan at det hjelpte noko særleg. Dei første 1000 meterane hadde me auka til 1.15,7, og då var ho fortsatt stri. Ho roa seg litt meir då me tok fatt på den andre runden, og ut på siste langsida angreip montékometen Glide saman med Kristine Kvasnes. Først haldt eg ho att. Eg var overbevist om at ho kom til å stoppa til mål, så då Glide kom tenkte eg at det fekk bæra eller brista og slapp etter. Ho haldt farten greit, eit par lengder bak Glide. Inn på oppløpet drog eg proppane berre for å vera på den sikre sida. Ho haldt farten til mål og tok ein overraskande 2. plass.

På førehand trudde me kanskje ho kunne kjempe om den siste premien, men ho overraska meg og mange andre med eit pangløp. Det var ein flott hest å få ri. Ho var veldig enkel å ri, og i varminga var ho regulerbar. Eg åpna 2011 på same måte som eg gjorde i 2010. Det er godt å ha vore på trippelen allereie i år.

Biletet er teke av Anders Kongsrud, og eg har henta det frå hesteguiden.com.

Kommentarer

Populære innlegg