Prøver igjen med Rigelstein

På tysdag skal eg prøva Rigelstein att. Han rei eg på Sørlandet, og det enda med galopp. Då virka det som om han var redd alt framføre seg, og spesielt sprut. Denne gongen står me på strek på 2040 meter på Forus. I tillegg vert det nokre utstyrsendringar. Han skal gå med sprutmaske og jordblendar, så får me sjå om det fungerer. Jordblendar fungerte på Drav Svint, og han har noko av det same problemet.

Rigelstein har store fartsressursar, men han har galoppert mykje. Dersom eg får ri i tet, og klarar å halda han i trav, trur eg at han kan duga eit stykke. Me har 40 meter forsprang på konkurrentane, bortsett frå Spang Hyper som står på same tillegg. Eg skal gjera mitt ytterste for å halda han i trav, og om eg får til det skal eg vera veldig nøgd.

Det er fleire bra konkurrentar frå tillegg. Vangen Glunten får Kristine Kvasnes på i sin montédebut. Eg vert ikkje overraska om Kristine tek sin tredje strake Forus-montésiger i dette løpet. Ellers vann Rigel Elden og Kari Anne det forrige kaldblodsløpet, og dei er ein god ekvipasje som gjer fine løp heile tida. Augne Troll galopperer ein del, men er veldig kapabel. Taletta i slag gjer alltid fine løp og kjempar stort sett alltid i toppen. Høgda Svarten og Trø Lyn er begge brukande montéhestar. Rinde Kvikken har berre gått eitt løp tidlegare, Renate Aarlie kjem frå Bergen for å ri han, så eg vil tru at dette er ein hest som er dugande i monté. Det vert eit spennande løp, og det er ikkje klart på førehand kven som skal vinna.

Løp: 2 Montéløp (ca. kl. 18:55)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige , åpent for alle montelisenser.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 150.000 kr., 40 m ved 350.000 kr., 60 m ved 1.000.000 kr.
Premier: 16.000-8.000-5.000-3.500-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte V5-2
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Spang Hyper Malin Berås 115.000 1.30,6v 1.30,1a
2040 2 Rigelstein Charlotte Steine 107.500 1.31,9v 1.30,0a
2080 3 Spyden Anne-Marie Mattingsdal 630.500 1.24,9v 1.26,3a
2080 4 Vangen Glunten Kristine Kvasnes 758.495 1.25,8v 1.25,6a
2080 5 Tor Even Anne Jorun Gudmestad 357.000 1.27,9v 1.25,9a
2080 6 Rigel Elden Kari Anne Knutsen 852.000 1.23,6v 1.24,0a
2080 7 Augne Troll Monica Refsland 377.223 1.26,7v 1.27,9a
2080 8 Taletta Ronja Good Djøseland 566.500 1.26,4v 1.24,4a
2080 9 Høgda Svarten Lene Vatland 805.372 1.24,6v 1.24,1a
2080 10 Rinde Kvikken Renate Aarlie 740.500 1.25,6v 1.23,5a
2100 11 Trø Lyn Susanne Ohme 1.512.506 1.22,7v 1.22,6a

Kommentarer

Populære innlegg