Årsdebuterer med gjesteoppsitt

På lørdag skal eg ut i mitt fyrste løp for året. Eg har fått nok eit gjesteoppsitt av Kari Anne Knutsen. Denne gongen skal eg prøve meg på C.C. Lina. Så langt har ho starta 5 gongar i monté, og ho har gått 1.18,0 som raskaste over 2100 meter på autostart. Det beste resultatet ho har hatt i monté er 4. plass, og det er kun Kari Anne som har fått premie med ho. Eg synest det er spennande å få ri nye hestar, det er det ein lærer av. I første omgang må me prøva å få ein premie i dette feltet her.

Motstanden er variert. Mill Newton er strøket, så då står eg fint til i 2.spor. Glide er veldig fin montéhest, og Kristine Kvasnes er ein dyktig rytter. Dei kjempar om sigeren her. Frå Bergen kjem Caroline Morken med Company Ås, dei er ein flink ekvipasje som kjempar i toppen her. Magic Prince og Moreno går stadig fine montéløp. K.L.M. Kilroy er den andre hesten til Kari Anne i feltet. Han hadde eg eit gjesteoppsitt i fjor, og det er ein veldig fin montéhest. Eg trur han kan kjempe om ein trippelplass i dette feltet. Medallion's Chief har vel ikkje vist det heilt store til no, men han har skifta eigarar så det kan spele ei rolle.

Eg ser fram til å koma i gang med sesongen. Dette året må eg trena knallhardt for å vera godt rusta til NM i juni.

Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 13:50)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 350.000 kr., åpent for alle montelisenser.
2040 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Mill Newton Marion V. Sollid 313.188 1.15,2v 1.13,6a
2040 2 Glide Kristine Kvasnes 193.500 1.18,0v 1.16,5a
2040 3 C.C. Lina Charlotte Steine 205.750 1.17,4v 1.14,8a
2040 4 Medallion's Chief Malin Berås 284.050 1.16,5v 1.14,1a
2040 5 Magic Prince Elsie Hafskjold 156.000 1.18,5v 1.15,8a
2040 6 Moreno Siw Helen Bø 336.884 1.15,8v 1.14,0a
2040 7 K.L.M. Kilroy Kari Anne Knutsen 290.000 1.16,9v 1.14,6a
2040 8 Company Ås Caroline L.B. Morken 281.479 1.16,1v 1.13,5a

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg