Galopp med Rigelstein

På søndag var eg på Sørlandet for å ri Rigelstein. Det var ein hurtig herre, men han var ikkje enkel. Eg bestemte meg for å ri i rygg, sidan han galopperte då hestane kom på han bakfrå sist for Brit, men det vart feil. Me traff starten godt, og var framme som tredjehest. Eg la meg inn i rygg på Umulius. Han reagerte på spruten, kasta opp hovudet og galopperte i den første svingen. Eg fekk han ned att i trav, og då tok han avgarde og kom opp som sjettehest. Opp mot 1000 meters-passering nærma me oss hesten framføre, og då gjorde han akkurat det samme ein gong til. Denne gongen var det vanskligare å stoppa han, så me vart diskvalifisert. Han hadde mykje krefter att, for han var sprek etterpå. Då eg var på vei å ri ut av banen, hoppa han fordi grusen var mørkare eit stykke framføre han. Neste gong vert det kanskje nokre utstyrsendringar, i håp om å få han feilfritt rundt.

Kommentarer

Populære innlegg