Rigelstein på Sørlandet

På søndag har eg fått gjesteoppsitt på Rigelstein på Sørlandet. Han står på 20 meter tillegg, og me har springspor. Det har eg ikkje hatt på lenge, så det vert spennande å sjå om eg klarer å treffa starten. Han har berre gått to montéløp etter prøveløpet. I prøveløpet gjekk han 32,9 med Kari Anne på ryggen, medan han galopperte i det første løpet og fekk 7.plass på 1.33,7. Det andre løpet enda i galopp og han vart diskvalifisert. Siste montéløpet gjekk han i oktober, og etter dette løpet er det mange bokstavar i programmet. Eg får konsentrera meg om å halda han i trav her, så får me sjå om det går. Han kjempar nok om ein premie, om me klarer det.

Konkurrentane er gode. Sigersmaskinene Umulius, Danield og J.H. Elden er gode, og bak desse er det fleire fine montéhestar. Hogsnesgutten gjorde ein god innsats bak Briskebyrappa, Atom Lynet og Rydell sist han starta. Han står perfekt inne her og kan fort runda mange. For min del vert det artig å ri ein ny hest igjen, det er masse god erfaring i det.


Løp: 4 Montéløp (ca. kl. 18:40)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige høyest 350.000 kr., åpent for alle montelisenser.
2140 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 100.000 kr., 40 m ved 200.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte V5-3
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2140 1 Berger Gutten Lena Birgitte Olsen 93.400 1.32,0v 1.30,7a
2140 2 Ra Sokken Silje Kristin Eilertsen 72.000 1.31,9v 1.31,5a
2160 3 Spang Hyper Kari Anne Knutsen 113.000 1.30,6v 1.30,1a
2160 4 Umulius Malin Berås 123.000 1.29,1v 1.35,1a
2160 5 Vikse Mix Lene Vehusheia Rørvik 117.500 1.30,3v 1.30,6a
2160 6 J.H. Elden Kristine Kvasnes 158.000 1.29,2v 1.30,2a
2160 7 Sølvskars Lynet Caroline Roland 119.800 1.30,6v 1.31,0a
2160 8 Danield Siv Emilie Løvvold 128.000 1.30,2v 1.29,8a
2160 9 Rigelstein Charlotte Steine 107.500 1.31,9v 1.30,0a
2160 10 Portør Vinnto Therese Nyhaven 189.800 1.29,4v 1.29,4a
2160 11 Halla Prinsen Inger Lise Hodne 112.750 1.29,9v 1.29,3a
2180 12 Hogsnesgutten Elsie Hafskjold 344.800 1.27,7v 1.26,6a

Kommentarer

Populære innlegg