Ny sjanse med Drav Svint

På tysdag prøver me på nytt med Drav Svint. Eg håper ikkje han har tatt skrekken etter sparket på Sørlandet. Som tidlegare har eg berre mål om å halda han i trav. No står han med to diskvalifisert for galopp på rad, så om eg ikkje klarar det, må han gå nytt prøveløp.

Slik løpet vart sist skulle han ikkje ha galoppert, men med tanke på kuttet i lippa er han unnskyldt, så me får prøva på nytt. Ellers er motstanden cirka den same som han har møtt tidlegare. Augne Troll var god på Sørlandet, ellers er alle hestane som står bakover fine montéhestar og det er eit bra felt. Moi Elden er spennande, han fekk eit nytt gir etter montéløpet sist og vann på Forus i går. Kanskje han er endå meir forbetra på tysdag. Rigel Elden leverte og eit veldig fint løp på Sørlandet, det same gjorde Moe Argr etter galopp. Høgda Svarten leverte eit fint løp sist, og får Anette Selliken tilbake på ryggen her. Fotlandstjerna debuterer. Det vert spennande å sjå, og eg skal gjera det eg kan for å prøva å halda Drav Svint i trav.

Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 18:10)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige , åpent for alle montelisenser.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 150.000 kr., 40 m ved 350.000 kr., 60 m ved 1.000.000 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Halla Prinsen Inger Lise Hodne 112.750 1.29,9v 1.29,3a
2060 2 Fotlandstjerna Ronja Good Djøseland 237.369 1.28,2v 1.27,8a
2060 3 Drav Svint Charlotte Steine 304.150 1.28,5v 1.27,1a
2080 4 Augne Troll Monica Refsland 377.223 1.26,7v 1.27,9a
2080 5 Høgda Svarten Anette Selliken 802.372 1.24,6v 1.24,1a
2080 6 Rigel Elden Kari Anne Knutsen 834.500 1.23,6v 1.24,0a
2080 7 Tor Even Anne Jorun Gudmestad 357.000 1.27,9v 1.25,9a
2080 8 Moe Argr Marie Øvestad 726.000 1.24,4v 1.24,2a
2080 9 Klodrik Brit Lea 394.150 1.26,9v 1.25,7a
2100 10 Trø Lyn Susanne Ohme 1.508.506 1.22,7v 1.22,6a
2100 11 Moi Elden Ann-Jeanette Osmundsen 1.387.925 1.22,9v 1.21,1a

Kommentarer

Populære innlegg