3. plass med K.L.M. Kilroy

I dag starta eg mitt andre montéløp utanfor Bergen, og det gjekk veldig bra. Eg fekk ri K.L.M. Kilroy for Kari Anne Knutsen. Han var veldig hissig i varminga, men fungerte fint. Me tok på bussar etter varminga, og så fekk han sjekk på seg. I volten tulla han seg litt, og det kjentes ut som om han skulle ta avgarde feil veg, men eg fekk han heldigvis på betre tankar. Starten vår vart ikkje så god som han kunne vore, men han løyste fint og svarte veldig godt på hestane som kom bak. Han gjekk fint i tet. Då Kings Centaurus kom opp på sida sleit eg fælt med å sleppa teten. Han svarte og vart ekstremt hissig, men Kings Centaurus kom forbi til 500-meterspasseringa.

Me låg i ledarrygg til den siste langsida. Han kjendes veldig sprek ut, og gjekk godt opp på sida på Kings Centaurus. Det vart ein merkeleg situasjon i den siste svingen. Moon Dreamer som låg bak meg, valde innersporet og gjekk på innsida av Kings Centaurus. Dette var eit sigersgivande trekk som gjorde at Moon Dreamer vann. K.L.M. Kilroy vart usikker i gangen då eg prøvde å dra skylappane, så eg droppa å dra dei og konsentrerte meg om å støtta han til mål. Eg synest han fullførte veldig fint og han fekk 3. plass på 1.18,9. Han gjekk eit godt løp. Eg valde å ri på sikkerhet frå svingen og ned oppløpet, for 3. plass er mykje betre enn galopp. Han var ein veldig fin hest å ri, og det var eit artig bekjentskap.

Kommentarer

  1. Starten din var bra den Charlotte, du traff starten, det gjorde de ikke bak deg.

    Jeg så Moon Dreamer kom på innsiden der,,,hun skulle egentlig ikke fått beholdt den seieren der. Stygg sjenering
    Var jo en stygg situasjon på startsiden også...

    SvarSlett
  2. før dere snakke om stygg sjenering burde dere sitt løpet fra en annen vinkel enn de viser på tv! vi som sto i svingen så at kari anne ikke holdt sin hest i sporet og marielle går da på innsiden som alle andre ville gjort! når da kari anne vil ned i det sporet hun hadde men då er det for sent, marielle gjør ingen ulovelig å sjenering var det ikke!
    rettferdig dømt

    SvarSlett
  3. Sjeneringen skjer på siste langsida. Der går eg ut i dødens, altså andrespor, på utsida av Kings Centaurus. Moon Dreamer får beina på innsida på siste langsida, dermed vert Kings Centaurus flytta ut eit spor i den siste svingen. Dommarane ville ikkje sjå løpet frå siste langsida, men spola berre tilbake til svingen, og då har Moon Dreamer allereie skubba ut Kings Centaurus. Difor fekk dei behalda sigeren.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg