2.plass med Manstrong

På torsdag var eg tilbake i Bergen på besøk. Denne gongen for å ri Manstrong. Eg hadde ikkje ridd han før, og han gjorde sin fyrste montéstart i regi for dei nye eigarane. I varminga var han ekstremt hissig. Fyrste runden klarte eg å halda han delvis i eit passande tempo, men andre runden berre raste han avgarde. Han trava veldig flott og kjendes stabil ut, men eg fann ut at det var best å gje seg med to rundar sidan han var så hissig. Fleire gongar kasta han seg rundt då eg prøvde å gå plassar han ikkje hadde tenkt seg, men heldigvis haldt eg meg på.

Eigentleg skulle eg prøva å volta med han i varminga, men sidan han var så hissig og ikkje ville snu før varminga, droppa eg det. I defileringa gjekk det greitt, for då hadde eg hestar framføre som han følgde etter og stoppa i. Då eg tok prøvestart vart han veldig hissig, og det gjekk fort. Heldigvis fekk eg stoppa i ein av konkurrentane, slik at han roa seg og eg fekk stramma sjekken.

Det vart mange omstartar dette løpet. Eg hadde heldigvis eigaren, Erik, med i volten. Manstrong skulle volta åleine på sitt tillegg og var kjempehissig, og litt uvillig i volten. Den fyrste volten stod han att og hoppa på startstreken, men dei andre startane kom me betre i gang. I det tredje forsøket traff me perfekt og hadde stor fart, så det var synd for min del at det var omstart, men mange av dei framføre bomma fælt. I den gyldige starten bomma me litt på streken, men han fekk god fart og me var framme i andre utvendig inn på den fyrste svingen. Me låg i andresporet på første langsida. Då gjekk Sandy Boy frå dødens og ned i tet, Company Ås gjekk ut framføre oss for så å gå ned i ledarrygg. Då var me på ny i dødens, men i den andre svingen kom Papounet flygande etter sin galopp. Han gjekk ned i dødens, men overtok så teten, slik at me på ny var i dødens.

Farten vart auka med Papounet i tet. I den siste svingen drog eg proppane, og då tende han til og gjekk godt framover og nærma seg tethesten. Papounet galopperte på ny på siste bortre langsida, men kom seg ned i trav att og behaldt tet. Sandy Boy gjekk ut i andrespor, slik at Company Ås kom fram på innsida. Eg drog skylappane, noko han reagerte veldig på, og valde og å gå på innsida av Sandy Boy i den siste svingen sidan han låg i andrespor. Då hadde Papounet fått fleire lengder ned til oss. Då Papounet galopperte for tredje gong i den siste svingen var det over for hans del. Caroline overtok teten med Company Ås og eg og Manstrong tok opp jakta. Me nærma oss ned oppløpet, men så tok han seg ein pause midt på oppløpet. Eg fekk rista liv i han att og han tok innpå Company Ås til mål att, men me måtte sjå oss slått i dag. Bakfrå kom Moon Dreamer med ein giftig sluttspurt til tredje.

Eg var veldig nøgd med Manstrong. Han brukte nok litt for mykje krutt i varminga og alle omstartane, men fullførte godt til 2. plass på 1.17,7. Det er det raskaste han har gått på distansen i monté. Eg trur han kan gjera det godt framover i Bergen saman med Jeanette når ho får lisensen.

Kommentarer

Populære innlegg