Manstrong i Bergen

I morgon tek eg nok ein gong turen til Bergen. Då har eg fått eit spennande oppsitt på Manstrong. Eigarane til Rousseau Detain har kjøpt han saman med oppassaren hans, Jeanette. For sine nye eigarar har han starta to løp, noko som har resultert i ein fjerdeplass og ein siger. Sist spurta han skikkelig godt og fekk ein velfortjent siger. Siste løpet han gjekk på Leangen enda med andreplass. Då gjekk han eit godt løp på 1.15,9, men det var sprint.

Løpet i morgon går over 2100 meter, og me står på 60 meter tillegg, men det vert på papiret berre 40 meter sidan det ikkje er nokon på strek. Manstrong er ein spennande type. Han har gått gode løp, og har fin kapasitet. Me møter fleire gode hestar i morgon, så det vert spennande å sjå korleis det kan gå.

Best av alle trur eg Papounet er. Han leverte eit prøveløp på skremmande gode 1.16,7 i februar i fjor! Då gjekk han åleine. Om han held seg i trav i morgon er han overlegen. Bak han er det ganske ope, fleire hestar er aktuelle. Company Ås har gjort fine løp i heile år, og ventar på sin Bergenssiger. Moon Dreamer leverte eit fint debutløp og har fått god form av montéløpa. Denne gongen har han 60 meter tillegg på Papounet, men han kan vera med framme likevel. Sandy Boy er ein dyktig montéhest, men har hatt litt trøbbel i det siste. Uansett skal han alltid reknast med sjanse. Manstrong skal reknast. Bak desse gjer Harry Trotter S.E. og Park Angel (som eg har ridd i alle montéløpa hennar) alltid fine løp. Giant Augustinu har og gått nokre fine montéløp. Det er eit fint felt med høg standard denne gongen. Eg gler meg til i morgon.

Løp: 4 Montéløp (ca. kl. 19:15)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige, åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 50.000 kr., 40 m ved 120.000 kr., 60 m ved 300.000 kr., 80 m ved 600.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods Volte V5-3
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2120 1 Papounet Elisabeth Hansen Haukeland 124.500 1.17,3v 1.16,7a
2120 2 Trustyourtaste Lene Bjånes Indrevær 87.000 1.16,4v 1.16,1a
2140 3 Park Angel Linda Thorsen 186.500 1.17,1v 1.14,8a
2140 4 Sandy Boy Lene Rotneim 180.100 1.17,2v 1.16,4a
2140 5 Giant Augustinu Julie Mari Eikås 153.951 1.17,2v 1.15,2a
2140 6 Harry Trotter S.E. Stine-Beate Hjartholm 272.919 1.17,1v 1.14,5a
2140 7 Cafu Cafe Tine Moldestad 293.367 1.15,3v 1.14,8a
2140 8 Company Ås Caroline L.B. Morken 249.479 1.16,1v 1.13,5a
2160 9 Manstrong Charlotte Steine 344.000 1.15,9v 1.14,2a
2180 10 Moon Dreamer Marielle Øvrebø 922.915 1.15,5v 1.11,2a

Kommentarer

Populære innlegg