Drav Svint sparka i defileringa

Med dette advarer eg alle som skal ri mot Knardal Elden: Hald avstand! Hesten slår. Då me i går var på Sørlandet med Drav Svint var det dagen der alt gjekk gale. Fyrst mangla me hodelaget hans, men ved god hjelp frå Team Tjomsland klarte me å snekra saman eit hodelag med det rette utstyret.

Då me kom ut i defileringa var me bak Knardal Elden. Drav Svint var hissig, men me haldt litt avstand. Plutselig slo Knardal Elden med begge bakbeina og eg høyrte at han trefte. Like etter var Drav Svint ustyrleg, så eg var redd han hadde knekt nasa. Då eg kom vekk i frå dei andre hestane, oppførte han seg normalt igjen. Eg fekk på sjekken, og så stoppa me ved veterinærane. Dei såg inn i munnen på han, og sa han blødde, men at han kunne starta dersom me sjekka det etter løpet.

Frå start gjekk det greit og eg klarte å halda han i trav. Me kom til tet inn på fyrste svingen. Han låg seg fint til, så eg sat berre å haldt på han. Augne Troll kom opp på sida, men eg ville ikkje sleppa teten. Då me kom i den andre svingen hoppte han, og tok avgarde i galopp. Eg lot han berre gå, fordi eg var veldig usikker på kvar han hadde vondt etter sparket.

Då me kom ned i boksen fekk me vaska munnen hans skikkelig, og då fann me eit fæla kutt i underleppa. Hadde me visst det før løpet, hadde han blitt strøke. Sjølvsagt har dette plaga han i løpet. Når eg har haldt han på bittet, har det stramma i munnvikane hans slik at såret har sprikt opp og sannsynligvis blitt endå verre. Han er var for smerte, så han er unnskyldt galoppen i dag og eg er veldig lei meg for at han måtte starta. Heldigvis har han fått i seg litt mat i natt, så eg håper det gror fort saman.

Eg advarer alle mot Knardal Elden. Den hesten bør så absolutt defilera etter dei andre, og halda seg borte frå dei andre til starten går. Han trua fleire gongar i volten, så om du skal vera bak den, er det lurt å passa seg. Etter løpet fekk eg vita at han har gjort det før, då burde dei absolutt ha sagt i frå. Hestar som slår i monté bør vera pålagt å defilera bak feltet og passa seg i volten. Det bør vera påbudt å opplysa om at hesten kan slå, slik at konkurrentane kan vera ekstra merksame på det. Kanskje bør ein opplysa om det over høgtalaren og, slik at alle får det med seg. Nokre reglar på dette bør ein få, på lik linje med at ein hest som slår i sulky må ha slagreim. Om han hadde treft ein halvmeter på sida, hadde eg fått beina midt på leggen. Dersom ein ikkje tar førehandsreglar kan det gå frykteleg gale ein dag, og det unner eg ingen!

Kommentarer

Populære innlegg