4. plass med Spika

Spika fungerte veldig fint i Bergen på torsdag. Ho løyste fint frå start, men det var ikkje noko trøkk i ho undervegs, så eg la ho inn i tredje-fjerde innvendig. Då eg følte eg fekk fart på ho prøvde eg å gå ut i andrespor, utan å få noko respons, så eg gjekk inn att på innersporet. Ho hang greit med, men klarte ikkje svara ut angriparane som kom bak frå. På oppløpet gjekk ho veldig godt og fullførte heilt til mål og fekk 4. plass på 1.29,4, så det var eg veldig nøgd med. Det var fyrste gongen ho har gått til mål etter me fekk ho, så det var veldig bra.

Kommentarer

Populære innlegg