Drav Svint strøket

I dag har eg ridd hurtigarbeid på Drav Svint. Det såg dårleg ut. Banen var ekstremt laus, og han gjekk utan piggar, så han fekk ikkje feste. Han var veldig rolig då eg varma han, så rei eg ein 1600-meter. Då var han heilt slakk, juksa med travet og galopperte av ingenting. Slik har han ikkje vore tidlegare. Me gjorde nokre utstyrsendringar og eg skulle prøva å ri ein 2000-meter. Då eg prøvde fyrste gongen galopperte han med ein gong, så rei eg tilbake og tok ein ny start. Han vart litt meir ivrig då, men galopperte fleire gongar, så eg gav meg på det. Han var veldig vanskeleg å ta i når han galopperte, så han kjenner nok på kuttet i lippa endå. Det var verre enn me trudde, for eit par dagar etterpå såg me at det faktisk var 1,5 - 2 cm langt ned i lippa. Etter eg hadde ridd inn tok me på selen, og Stian prøvde han ein runde, og då var han blitt halt på eine bakfoten.

Difor kjem han ikkje til start på tysdag. Han må vera heilt i orden for at han skal klara å halda seg i trav. Dyrlegen skal sjå på han på måndag, så då får me håpa han finn ei løysing.

Kommentarer

Populære innlegg