Draktdetaljar

Eg har lova eit innlegg om den nye drakta mi. Det fyrste eg la merke til då eg fekk den, var det nydelege stoffet. Stoffet er blankt og utruleg flott. Det får fram dei vakre fargane. Eg har teikna drakta sjølv, og er svært nøgd med korleis den ser ut. Då var det ekstra kjekt å sjå kor flott den vart.

Denne drakta har mange praktiske detaljar, som eg ikkje har tenkt på at var nyttig før eg fekk denne.

Halsen er ganske smal, slik at den blir tett inntil halsen. Den vert lukka med knapp, noko eg synest er betre enn borrelåsen, som ofte ikkje held seg på plass slik ein vil ha den. Glidelåsen vert dekka til av ein flapp, som også den vert festa med knappar nedover. Det gjer at den held seg på plass heile tida.

   

 
Stoffet på innsida er praktisk med tanke på å få transportert fukt på ein god måte, noko som er svært praktisk med tanke på at ein ofte vert svett og varm av å ri løp. Det er òg lufting ved skuldrene. Dette gjer òg at ein får betre rørslefridom.

 
 Nedst på armane er det eit strammare felt, som ligg tett inntil handleddene. Dette medfører at ein ikkje får sand eller luft opp i ermet.

På dei tidlegare draktene mine, har eg hatt problem med at drakta klatrar oppover på ryggen når eg rir. Det problemet har eg ikkje lenger. Denne drakta er lenger på ryggen, enn ho er framme. Det gjer at den set fint på, sjølv om ein har sikkerhetsvest under. Nedst på begge sidene er det borrelåsar, slik at ein kan stramma drakta under sikkerhetsvesten. Dermed får ein justert drakta slik at den heng godt på plass heile tida.

  

 

Så var det buksa. Eg valgte den heilblanke stretch-buksa. Også den har eit veldig godt materiale, i tillegg er den flott å sjå på. Buksa har god passform, og stretchmaterialet gjer at den er veldig praktisk og behagelig å ri med. Nedst er det eit strammere felt, som gjer at den passar godt nedi ridestøvlar eller under chaps. Det gjer og at den sit godt på plass, utan å skli oppover. I front er det både glidelås, borrelås og knapp for å lukka buksa, og i livet er det borrelås, som kan justerast på sidene. Buksa sit godt på plass, og den går ikkje opp undervegs når ein rir, noko eg faktisk har hatt problem med på nokre av dei buksene eg har hatt før.

Eg har namnet mitt brodert på eine låret, og sponsoren sin logo på andre låret. Det er òg mogeleg å ha reklame på rumpa, slik eg har på denne. Nokre er motstandar av det, og det respekterer eg. Eg personleg ser nytten av å ha reklamen der, rett og slett på grunn av stillinga me har når me rir. Det er rett og slett det punktet som er mest synleg.

Eg har fått testa buksa i eitt par løp no, og den har blitt ganske flekkete og skitten, likevel blir den heilt rein og fin etter vask.

 

 
Som du sikkert allereie har skjønt, har eg ingen problem med å anbefala desse produktene. Dersom du ønskjer å bestilla di spesialsydde jakke og bukse, kan du bestilla på Equum.se. Der ligg det måleskjema, slik at du får drakta og buksa slik at den passar deg perfekt.

Equum har også mange andre flotte produkt. Eg fekk med tre ulike poloar saman med drakta. I tillegg til dette produserer dei lekre jakker og vestar, treningsbukser og ridebukser. Det ligg òg mange flotte produktbilder på Facebook-sida deira, dersom du har lyst å sjå meir.

Til info er dette innlegget skrive av fri vilje, med mine personlege meiningar fordi eg er nøgd med drakta. Dette innlegget er ikkje sponsa av Equum, sjølv om eg har fått deler av drakta sponsa derifrå.

Kommentarer

Populære innlegg