Spesiallagde montébryst

Eg er stadig på jakt etter utstyr som optimaliserer mi og hestens rideoppleving. Så eg har fått spesiallaga to montébryst. På vanlige bryst er det ei spenne, som eg vanligvis festar i gjorden. Denne spenna er ganske irriterande, fordi den ligg midt på leggen og lagar unødvendig gnag. Dermed har Fannrem Salmakerverksted spesialsydd to montébryst til meg etter mine mål.

Tversoverbrystet har regulerbare sidereimer, som vert justert med ei spenne. Desse trer eg rundt gjorden, slik at salen ikkje sklir bakover. I tillegg har brystet den vanlege justeringa over nakken/manken. Det passar meg perfekt, for då er det ingenting som lagar gnag eller blåmerke. Ein annan fordel med desse brysta er at reimene er lenger enn vanlig, slik at dei passar både store og små hestar. Eg har hatt problem at dei vanlige brysta vert for trange til store og kraftige hestar, men desse passar veldig fint til alle.

Reimane festar eg rundt gjorden, og lengda kan justerast med spenna på sida. Brystet får ein i sine fargar med eller utan brodering. Eg har namnet mitt på dei.

Slik trer eg reima rundt gjorden.

Y-brystet har litt fleire justeringar. Sidereimene er ekstra lange, slik at det er mogeleg å tre dei rundt gjorden oppe ved stigbøylane. Desse kan justerast med ei spenne, slik som på tversoverbrystet.  Denne spenna er festa slik at den ikkje sklir bakover og kjem i vegen for beinet. I tillegg er det ei løkke under magen, i staden for den vanlege spenna. Denne trer eg rundt gjorden, og dermed er salen litt meir sikra, dersom hesten skulle finna på noko tull. Det er også vanleg justeringsmogelegheiter over nakken/manken.
Y-brystet som er laga til å passa i monté.

Ekstra lange reimar, slik at det er mogeleg å tre dei rundt gjorden. Ingen spenner som kjem i vegen for beina.

Her ser de at brystet er festa rundt gjorden både under magen med ei løkke og rundt reimene oppe på salen.

Eiga løkke til å tre gjorden gjennom under magen.
Litt kortare plass å brodera namn på, så då blei det kun fornamn på y-brystet.
   
Y-brystet i bruk. Det sit veldig fint på hesten. Foto: Geir Johansen
Fekk du og lyst på ein av desse variantane? Då er det berre til å kontakta Fannrem Salmakerverksted. Dei har måla mine, og lagar heilt sikkert fleire på førespurnad.

Kommentarer

Populære innlegg