Prinsesso vart trøytt

Foto: Elin Helland
Løpet med Prinsesso vart ikkje heilt slik eg hadde sett føre meg. Ho fungerte veldig fint i varminga, og eg vart imponert over kor fint ho gjekk under sal. Ho rulla litt då eg snudde opp i prøvestarten, men var veldig fin i høgare fart. Eg justerte eitt hakk på sjekken, men elles gjekk ho som i varminga. Løpet vart brått sett i gang, og det var veldig mykje rar volting, men starten gjekk. Det tok ganske lang tid før ho la seg skikkelig til, nesten ein runde. Etterpå trava ho ganske greitt. På siste bortre langsida vart me litt hindra av ein galopperande konkurrent, og ho mista nok litt piffen av det. Likevel gjekk ho greitt, men vart passert av fleire konkurrentar frå siste sving og inn til mål. Då me hadde passert midten av oppløpet var ho sliten, og dermed vart det stopp. Det var nok veldig uvant for ho å springa så fort med sal, og ho var ganske skeiv undervegs, så då kom mjølkesyra til slutt. Ho kom i mål på 33,1.




Foto: Elin Helland

Foto: Elin Helland

Kommentarer

Populære innlegg