2. plass med Prinsesso!

Foto: Julie Kjærmann-Jensen
Eg var i Skien 10.mai. Der køyrde eg Vertigo Prinsesso i eitt dameløp. Ho var ganske hissig i varminga, men var fin å køyra og fungerte veldig bra. Då me køyrde opp bak bilen, ville ho ikkje gå opptil vingen. Bak i bilen sat ein mann med ei fargesprakande jakke, og denne vart ho redd. Så eg måtte vera etter ho for å få ho opp bak startbilen.

Prinsesso er kjapp frå start, og hadde ingen problem med å fly til tet då bilen slapp feltet. Me hadde eigentleg sett for oss å sitja i tet. Helene Kolle kom opp på sida med Kaptein Sabeltann, ho kikka berre rett fram og det såg ut som ho ville til tet. Eg hadde 1.21 på klokka då me svarte ho opp, og sidan ho ikkje gav seg slapp eg teten. Eg hadde ikkje sett føre meg at ho skulle sleppa til den neste som kom, så plutseleg sat eg i tredje innvendig. Der sat eg til ut på siste bortre langsida, då opningen kom. Prinsesso fann eit nytt gir og verka veldig sterk då eg angreip i andresporet.

I siste svingen vurderte eg å gå ned i førstespor, for å prøva meg på siste indre, men ho kjendes så sterk ut at eg vart sitjande på utsida. Nedover oppløpet følte eg at eg hadde full kontroll, men like før mål slo ho av på farten. Eg prøvde å dra proppane, men det var for seint til at ho fekk opp farten igjen. Me fekk ein fin 2. plass på 28,5. Det kjendes meir som at eg tapte sigeren, enn at eg vann andreplassen denne gongen. Uansett gjekk hesten eit strålande løp.

Eg har køyrd løpet i hovudet mange gonger etterpå. Kanskje burde eg svart opp Kaptein Sabeltann lenger, eller kanskje eg kunne ha venta lenger med å gå ut i andrespor, sidan det ikkje kom nokon bakfrå. Kanskje hadde det blitt riktig å gå inn i siste sving, og spara dei meterane. Men gjort er gjort, og eg fekk min aller første trippelplassering etter eg fekk att lisensen.Sigeren sit framleis langt inne, men eg nærmar meg løp for løp.

Foto: Julie Kjærmann-Jensen

Kommentarer

Populære innlegg