Prinsesso i montédebut

Frå løpet på Klosterskogen. Foto: Julie Kjærmann-Jensen
Dette er året for å få nye hestar ut i monté. Eg sit nok ein gong på ryggen til ein montédebutant. Eg køyrde Vertigo Prinsesso i eit dameløp på Klosterskogen 10.mai, denne gongen sit eg på ryggen hennar i eit løp i Bergen.

Ho har aldri blitt testa i hurtigarbeid med sal, men ho er mykje ridd. Ho gjekk intervallar under sal torsdag. Då eg spurde far min korleis det gjekk, svara han så fint:
- Eg såg ingen forskjell.
- Er det bra eller dårlig? spurde eg.
- Det må vel vera bra det, sa han.

Så då får me håpa at det er bra. Ho er reinttravande og travsikker, då pleier dei eigna seg fint i monté. Det er mange gode konkurrentar, men eg synest likevel ho er spennande. Kanskje ho kan klara trippelplass, om ho synest dette er kjekt. Hestane er spreidd på seks ulike distansar, så det er ikkje gitt at dei beste klarer henta inn alt tillegget.

Motstanden:
1. Dag Modin: Ein spennande debutant, som står fint til på strek, og kan vera med i trippelkampen. Elisabeth Storetvedt fortel at han har gått hurtigarbeid åleine på 1.32 under sal. Det gjorde han på ein fin måte. Ho trur ikkje han klarer halde unna for dei beste, men rekner med han kan vera blant dei 4-5 fremste.
2. Valle Indianna: Har eg sett i monté på lokalkjøring, og ho har sett fin ut. Irmelin Risa rei då. Ho seier det er ein fin hest å ri, at ho har fart i beina, men litt trøbbel med å gå til mål. Beate Hauge frå stall Hauge seier at ho er mykje ridd i trening, men ikkje testa i banen hjå dei. Ho seier at hoppa har litt dårlig psyke, og at det er derfor dei prøver monté, så dei håper på premie.
3. Mjølner Birken: Har gått fleire montéløp, med ein tredjeplass som beste resultat. Gjekk nyleg prøveløp på 37,2. Premiekandidat.
5. Vertigo Håkon: Har berre gått eitt montéløp, og det var med ein annan rytter. Hadde sett veldig fin ut i intervallar for Henriette på torsdag, så dei går nok godt overeins. Om ho får fart på han, kan han kanskje klara trippelen.
6. Kleppe Skranten: Vinnaren av Rappfots Æresløp i fjor. Kjem ut i ny regi. Har galoppert mykje i det siste, men er ein veldig flink montéhest når han held seg til rett gangart. Går han feilfritt, er han god nok til å vinna, men han er usikker.
7. H.M. Hird Balder: Var tidlegare veldig flink under sal, men han har ikkje fått meir enn ein premie sidan august i fjor, så formen er vel usikker. Er nok først og fremst på jakt etter premie her.
8. Bjørkeknekten: Ein svært spennande montédebutant! Han har ein fantastisk teknikk, og passar nok utmerka under sal. Kan fort vera vinnaren, sjølv frå 80 meter tillegg. Elisabeth seier at han har gått montéhurtigarbeid på 1.29 åleine, med ei rask avslutning, på ein enkel måte. Ho ser det som ein god vinnarsjanse, så lenge ho held han rolig og rir feilfritt.
9. Lukas: Har gått fem løp under sal, og fått premie i alle. Dei tre siste løpa har han fått tredjeplass. Ein ny trippelplass er nok innan rekkevidde, om formen er fin etter eitt halvt års pause.
10. Vertigo Bjørn: Er blitt belasta med 100 meter tillegg, så utgangspunktet er nesten umogeleg. Han er ein god hest, men har ikkje vore på trippelen i monté sidan han vann i mai 2016. Det er veldig langt fram, men på ein god dag skal han vera med der framme likevel.

Startliste:
Løp: 7  MONTÉLØP - SPESIAL  (ca. kl. 20:57)
SPESIAL - MONTÉLØP
For alle 5-15-årige.
2100 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 100.001 kr., 40 m. ved 200.001 kr., 60 m. ved 300.001 kr., 80 m. ved 400.001 kr., 100 m. ved 700.001 kr.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Hestene blir plassert skjønnsmessig etter innmelding.
Kaldblods      Volte V5-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Dag Modin Roya Haghighat 94.950 1.30,5v 1.30,8a
2120 2 Valle Indianna Lene Rotneim 148.000 1.29,3v 1.28,3a
2140 3 Mjølner Birken Hege Kristin Høyland 272.625 1.27,9v 1.27,0a
2140 4 Vertigo Prinsesso Charlotte Svendsen 295.000 1.28,5v 1.27,3a
2160 5 Vertigo Håkon Henriette Steine 390.000 1.25,8v 1.25,3a
2180 6 Kleppe Skranten Inga Lamvik 584.500 1.23,3v 1.23,9a
2180 7 H.M. Hird Balder Synne Nybø 635.500 1.24,6v 1.25,0a
2180 8 Bjørkeknekten Elisabeth Storetvedt 532.000 1.24,0v 1.25,8a
2180 9 Lukas Hilde Rogstad 448.865 1.25,6v 1.25,5a
2200 10 Vertigo Bjørn Victoria Steine 1.300.500 1.23,5v 1.21,8a

Kommentarer

Populære innlegg