Årets fyrste sulkyløp

Vertigo Prinsesso/Bjørn Steine: Foto: Elin M. Helland
Torsdag 10. mai tek eg turen til Klosterskogen Travbane i Skien. Eg reiser saman med min mann, og me skal ha med oss Josephine frå stallen. Ho skal ut i eit hoppeløp over mellomdistanse, så det vert veldig spennande.

Det er dameløp denne dagen, og eg var så heldig at eg fekk meg eit oppsitt. Eg skal prøva meg bak rumpa til Vertigo Prinsesso, som far min eig. Det er ei veldig flott hoppe, som overraska alle med ein strålande 2.plass i Hoppe-Derby i fjor. Ho har utvikla seg fint etterpå, og gjekk eit veldig godt løp i sin siste start.

Dette løpet er litt spesielt utskrive sidan det er stengt på 115.000 kroner, og er maidenløp. Prinsesso har tjent 288.000 kroner i sin karriere, men ho har ikkje vunne løp endå. Sidan dette er eit maidenløp, betyr det at hestar som ikkje har vunne løp, uavhengig av grunnlag, òg kan delta. Dermed står ho perfekt inne, med 66.000 kroner meir på konto enn nestemann på lista. Sprint er sannsynlegvis ein fordel, sjølv om ho har gått gode løp på mellomdistanse òg. Eg håper me finn tonen, og det hadde vore veldig kjekt med ein trippelplass.

Motstanden kjenner eg ikkje til i heile tatt. Eg ser ikkje nok løp til at eg klarer å hugsa desse hestane. Ut frå det programmet seier, trur eg at 3 Kolbu Kæsj er den største motstandaren. Han har Anette Frønes i vogna, og ho er ofte i toppen i dameløpa. Både 2 Mai Oda/K.Kvasnes og 9 Storler Gutten/C.Kjenner står fint inne, sidan heller ikkje dei har vunne løp. Dei har òg veldig fine utgangsposisjonar, og kan fort enda i toppen, sjølv om dei er sigerslause så langt. Det ser ikkje ut som det er så mange formsterke hestar i feltet, ut frå raden, men fleire av hestane har galoppert ein del. Plutselig går ein av dei feilfritt, og då er den kanskje langt framme likevel. Kanskje 6 Kaptein Sabeltann/H. Kolle kan vera ein luring frå Øystein Tjomsland sin stall, han gjekk i alle fall ny rekord i sin siste start og er sannsynlegvis ytterlegare forbetra.

Startliste:
Løp: 2  KLOSTERTRAVETS DAMEGRUPPE's DAMELØP  (ca. kl. 18:35)
MAIDEN SPESIAL - DAMELØP
For 3-15-årige høyest 115.000 kr. Også for 3-15-årige som ikke har seiret.
Kjørt av alle kvinnelige lisensierte kusker.
1700 m. Autostart.
Premier: 14.000-7.000-5.000-3.500-3.000-(3.000) kr.
Kaldblods      Auto V65-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1700 1 B.B. Juventus Anita Valstad Hagmann 98.600 1.30,6v 1.28,6a
1700 2 Mai Oda Kristine Kvasnes 220.778 1.30,6v 1.28,9a
1700 3 Kolbu Kæsj Anette Frønes 114.000 1.29,5v 1.29,8a
1700 4 Lill Tea Christina A. Hande 106.500 1.29,0v 1.31,0a
1700 5 Vertigo Prinsesso Charlotte Svendsen 288.000 1.28,5v 1.27,3a
1700 6 Kaptein Sabeltann Helene Kolle 69.500 1.30,8v 1.31,6a
1700 7 H.M. Urd Josefine Eilertsen 62.200 1.31,2v 1.32,0a
1700 8 Bjønnum Jerka Amanda Robertsen 87.000 1.30,6v 1.29,5a
1700 9 Storler Guten Christina Kjenner 210.000 1.28,5v 1.28,4a
1700 10 Nygårds Viking Eini S. Linn 78.000 1.30,3v 1.30,8a

Kommentarer

Populære innlegg