Flott 4. plass

Foto: Arnfinn Roaldsøy/www.fotobertil.net
Solberg Jela var ein flott montédebutant! I sulky pleier ho vera ganske stri, ifølgje eigaren, så eg var litt spent på korleis ho skulle oppføra seg. Det var ingen problem. Ho varma rolig og fint på indrebane, før eg tok ein prøvestart. Ho var rask til beins, og trava som ei klokke. I tillegg var ho regulerbar og lystra dei beskjedane ho fekk. Dermed gjorde me ingen endringar etter varminga.

Me fekk ein dårleg start, for eg bomma skikkelig. Eg er ikkje så flink på tredje/fjerdespor i volten, og det klarte eg ikkje på noko god måte denne gongen heller. Me hadde likevel greit med fart og kom igang. Eg valgte å ta ho opp for å ri inn i førstespor, for å få den billige reisa undervegs. Strekhesten drog avgarde i friskt tempo, og auka heile vegen. Me fekk aldri heilt taket på den, og hadde langt fram. Eg satsa innvendig, og drog ikkje ut i andrespor før me nærma oss siste svingen. Ho vart litt skeiv, og datt litt innover på svingen, men eg klarte å justera ho slik at me kom rundt. Heile vegen nedover oppløpet seig ho innpå hesten foran, men like før mål vart me spurta ned av endå ein konkurrent. Dermed vart det ein 4. plass. Det er fullt godkjent første gong under sal. Ho trava 26,4, og kun Nyland trava raskare dette løpet. Eg håper ho får fleire sjansar i monté, for ho var ein flott hest å ri!

Det er veldig inspirerande og motiverande å få ri ein hest som går heile vegen, og spesielt held farten heilt til målstreken er passert. Då er det ekstra kjekt å vera rytter.

Kommentarer

Populære innlegg