Klar til kamp med Torres

Alsaker Torres i Rappfots Æresløp 2016.
Lørdag 2.juni vert Rappfots Æresløp ridd i Bergen. 15 hestar skal konkurrera om 50.000 kroner, laurbærkrans og flotte premiar. Det er ei ære berre å få delta i dette løpet. Alle hestar som deltek får defileringsdekken, og alle rytterane får kvar sin deltakarpremie. Gjengen bak løpet gjer ein fantastisk jobb! Eg har ridd løpet fleire gonger, men den siste gongen eg deltok var heilt tilbake i 2012! Så det er verkeleg på tide at eg får vera med igjen. Etter å ha sett innmeldingslista konkluderte eg med at eg ikkje fekk ri dette året heller, så endå meir gledeleg var det då startlista dukka opp og eg var sett opp på Alsaker Torres.

Eg har aldri ridd Torres før, men han har vore ute i seks montéløp. Resultatmessig har han ein andreplass som best, og han har trava 25,9 under sal. I sitt siste montéløp var han dårlig, men då viste det seg at han var sjuk. Så då kan ein nok setja strek over det resultatet. Ifølgje eigarane/trenarane er formen hans fin, men han er blitt litt gammal og lur. Så me får prøva å gje han eit snillt løpsopplegg, og så får me håpa han har ein god dag. Det er eit fantastisk felt i år, så om me får premie her, må me vera godt nøgde.

For meg er det vanskeleg å plukka vinnaren, for det er svært mange flinke hestar og ryttarar som skal i kamp. Dei fleste har vist seg fram under sal, og mange av dei skal reknast med sjanse til å vinna. Det er veldig vanskeleg å henta tillegg på sprint på ein rask sommarbane, men det er veldig gode hestar som jaktar frå tillegg. Dette vert ei utruleg spennande utgåve, og eit herlig løp for historiebøkene.

Motstanden:
1.Lille Amare: Har gjort nokre veldig fine innsatsar i monté. Kristine prikkar starten stort sett kvar einaste gong, og kan fort vera tethesten her. Sjølv om fleire av konkurrentane har gått raskare, reknar eg med at dei blandar seg inn i sigerskampen.
2. Rigel Scott: Hege meinte han ikkje var så god i monté, men sjølv er ho i storform, og får det meste til å springa for tida. Han har gått eitt montéløp tidligare, då trava han 29,6, så han må vera betre enn det om han skal kjempa framme her. Premiekandidat.
4. Spik Lotta: Var heilt rå i montédebuten i YesBox-finalen på Forus. Då trava ho 26,9 på ein enkel måte, åleine langt foran dei andre. Heilt andre føresetnader no, der ho står 40 meter dårlegare inne kontra Nyland. Likevel imponerte ho meg såpass sist, at ein trippelplass kan vera innan rekkevidde.
5. Hugo: Har gått mange flotte montéløp, og har imponert meg fleire gonger. Ny rytter no, men det treng ikkje bety noko. Spennande hest, som sikkert er godt nok til ein trippelplass med rett løp.
6. Eikfaksen: Den einaste montédebutanten i feltet. Hestane som kjem ut frå Frode Hamre sin stall pleier vera godt førebudde, så eg reknar med det er ein grunn til at han kjem ut med sal på ryggen. Roya fortel at ho har testa han i intervallar i trening. Ho seier at han verkar litt galopplysten, at ho håper på ein premie, og at alt anna er bonus.
7. Kvikk Tojo: Har gått fleire flotte montéløp, og vunne dei to siste. Christina er i vinden som aldri før, og gjer det strålande i salen. God hest og god rytter kan fort vera sigersoppskrifta her.
8. Krokstad Juvita: Tek turen frå Leangen. Ho har 14 montéstartar i bagasjen, og har vore på trippelen i ni av dei. Står i bakspor på strek her. Under sal har ho trava 27,2, men det var over mellomdistanse. Eg reknar ikkje med at dei reiser så langt utan ambisjonar, men eg ser for meg at ho kjempar om ein premie.
9. Lukas: Er jamn og flink i monté, og gjekk eit veldig bra løp etter ein trøblete start sist. No har han fått eitt løp i kroppen etter pause, så han kan vera god nok til ein fin plassering om det løyser seg.
10. Spik Mollyn: Har berre gått eitt montéløp, og då vart eg ganske skuffa over innsatsen. Han har vore ute på lokalkjøring, og då såg han fin ut. Han er ein vinnarhest, og får ny rytter på ryggen, men eg trur eigentleg ikkje at han står igjen som vinnar her.
11. Nyland: Har imponert meg veldig i år. Han har ein fantastisk teknikk, og ein voldsom fart. Med litt meir offensivt opplegg enn sist, kan han fort stå igjen som vinnar.
12. Bokli Teddy: Har to sigrar under sal, og trava 25,8 med galopp i sin siste montéstart. Trenaren pleier ha kontroll på formen når dei kjem til start, så han kjemper nok om den gjevaste plasseringa igjen.
13. Tomeld Ø.K.: Er ein fantastisk hest, og han pleier vera god i monté. Han har trava 1.22 fleire gonger under sal, og om han gjer det her, så er han langt framme. I år har han trøbla litt, og rota seg vekk med galopp, men Ø.K.-hestane pleier reisa seg gong på gong.
14. Vassbø Fakse: Er tilbake hos Eirik Killingmo, og han har kontroll på korleis hesten skal trenast for å yta i løp. Vassbø Fakse har vore jamn og flink i travritt, og haldt på å slå Ulsrud Tea i Rappfot i 2016. Det ser ut som formen er på vei oppover, og rytteren er god. Kanskje er det hans tur til å klatra til topps i år?
15. Solør Svarten: Debuterte med andreplass i montéløpet i Klosterskogen Allround. Han gjorde ein fin figur då, og trenaren er flink å matcha hestane riktig. Ny rytter no. Sjansen for ein trippelplassering er til stades også for han.

Startliste:
Løp: 5  RAPPFOTS ÆRESLØP  (ca. kl. 15:44)
MONTÉLØP - RAPPFOTS ÆRESLØP
For 5-15-årige høyest 1.400.000 kr som har fullført minst 1 totalisatorløp f.o.m. 19. mars 2018.
1600 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 300.001 kr., 40 m. ved 650.001 kr.
Premier: 50.000-25.000-15.000-10.000-6.000-(4.000) kr.
Til dette løp er vinnerne fra følgende løp direktekvalifisert (uten startplikt): Bjerke 11. april, Klosterskogen 30. april, Forus 1. mai og Biri 25. mai.
Kaldblods      Volte V5-5     V75-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1620 1 Lille Amare Kristine Kvasnes 395.200 1.26,3v 1.24,6a
1620 2 Rigel Scott Hege Kristin Høyland 527.059 1.24,8v 1.25,5a
1620 3 Alsaker Torres Charlotte Svendsen 598.500 1.24,7v 1.23,4a
1620 4 Spik Lotta Irmelin Risa 326.180 1.25,8v 1.25,1a
1620 5 Hugo Caroline L.B. Morken 411.053 1.26,6v 1.25,5a
1620 6 Eikfaksen Roya Haghighat 575.932 1.26,7v 1.22,6a
1620 7 Kvikk Tojo Christina A. Hande 475.519 1.23,1v 1.25,1a
1620 8 Krokstad Juvita Eirin Sørmo 373.570 1.26,5v 1.26,2a
1620 9 Lukas Hilde Rogstad 452.865 1.25,6v 1.25,5a
1640 10 Spik Mollyn Elisabeth Storetvedt 803.200 1.24,7v 1.23,5a
1640 11 Nyland Lise Hjetland 1.164.000 1.23,5v 1.22,5a
1640 12 Bokli Teddy Helene Kolle 663.238 1.25,5v 1.24,5a
1640 13 Tomeld Ø.K. Brit Lea 1.003.555 1.22,8v 1.22,7a
1640 14 Vassbø Fakse Siv Emilie Løvvold 816.750 1.23,1v 1.23,3a
1640 15 Solør Svarten Louise Vebostad Trudvang 954.260 1.23,9v 1.24,1a

Kommentarer

Populære innlegg