Rekruttløp med Miss Joeleen K.B.

I morgon skal eg ut i rekruttløp, mitt fyrste sulkyløp for året. Denne gongen har eg fått oppsitt på hoppa Miss Joeleen K.B. Ho har berre starta to løp i år, og fått ein premie. I fjor vann ho eitt løp og fekk to premiar på 9 startar. Me har 20 meter tillegg i dette løpet, og ho har vel ikkje vist det heilt store. Så eg trur nok ein premie må vera bra dette løpet her.

Motstanden:
1. Great Commander: Har fått med seg ein del premiar frå løpa han har gått, og kan nok få det her og.
2. Jack Man Royal: Er kanskje den beste hesten, med dokumentert form. Skal kjempa om sigeren her.
3. Navion: Har ikkje vore lenger oppe på resultatlista enn 5. plass, så han er nok ein premiekandidat.
4. Shania Volcano: Kusken har berre kjørt eitt løp, men kjenner hesten frå trening. Det er nok ein fordel. Hesten har fått nokre trippelplasseringar i sine siste løp, og kan vera på trippelen igjen utan galopp.
6. Big Brown: Er ein av dei beste hestane i feltet. Kusken kjører sitt fyrste løp, men har nok kjørt mykje hurtigarbeid. Skal reknast med vinnarsjanse.
7. Lython Pine Chip: Har litt variable resultat, men møter kanskje lettare selskap no. Kan kjempa om ein trippelplass utan galopp.
8. Charme: Har fleire gode resultat å visa til, og har ein flink kusk, som og er eigar. Er langt framme her.
9. Hot To Handle: Plukkar med seg premiar i stort sett kvar start, og gjer nok det her og.

Startliste:

Løp: 2    (ca. kl. 19:15)
Varmblods. 3-12-årige høyest 120.000 kr.
2040 m. Tillegg 20 m. ved vunnet 45.001 kr.
Premier: 15.000-7.500-5.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V65-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Great Commander Lars Kristian Løkken 27.500 1.19,3v 1.18,2a
2040 2 Jack Man Royal Morten Erga 28.000 1.17,5v 1.17,7a
2040 3 Navion Ronny Lauritsen 12.500 1.19,4v 1.19,8a
2060 4 Shania Volcano Stine Lode 45.500 1.17,8v 1.17,4a
2060 5 Miss Joeleen K.B. Charlotte Steine 81.000 1.17,0v 1.16,0a
2060 6 Big Brown Ellen Ydstebø 90.541 1.17,6v 1.14,2a
2060 7 Lython Pine Chip Ronja Good 70.000 1.17,1v 1.17,2a
2060 8 Charme Joakim Rasmussen 104.801 1.17,9v 1.16,4a
2060 9 Hot To Handle Henning Nygård 74.500 1.18,6v 1.15,9a

Eit bilete av ho frå 2011:


Kommentarer

Populære innlegg