3. plass med Petra

På torsdag rei eg montéløp med Petra K. Det var fyrste montéløpet ho gjekk. Ho varma fint, og var piggare enn ho var i prøveløpet. Eg testa ho litt ein sving og ei langside for å gira ho litt opp. I prøvestarten rett før løpet galopperte ho to gonger. Sannsynlegvis var det fordi me ikkje hadde sjekken på, for då me fekk på den var ho heilt fin igjen.

Bak bilen kjende eg ho var ivrig, så eg smatta litt for å ha ho klar. Då bilen sleppte løyste ho godt, men det gjorde to av konkurrentane på innsida og. Eg hadde 1.08 på klokka mi ned startsida, og dei på innsida berre fortsatte å ri. Så eg fann ut at eg ikkje ville vera med på det peset, og tok opp for å gå inn i leiarrygg. Det vart til tredje innvendig. Eg maste ikkje på ho undervegs, for eg tenkte at dei foran ville verta trøytte nok til at me tok dei att.

I nest siste svingen kjente eg ho var litt mindre på hogget, så då drog eg proppane. På siste langsida hender det ho legg litt av, men denne gongen tok ho verkeleg tak i det. Så eg såg meg utover og svinga ut i andresporet inn på siste svingen. Ho kjempa på til mål, og gjorde verkeleg jobben sin. Me enda på den flotte tida 1.16,6 og mista akkurat andreplassen på streken. Likevel var eg svært nøgd med 3. plass og den fine tida. Det var herleg å avslutta på den måten. No er ho solgt, og på tysdag startar ho ferda opp til sine nye eigarar. Eg håper ho kan gje dei like mange gode minner, som ho har gitt oss.

Nokre bilete Olav Lunde tok av oss:
Påseling.

Varming.

Prøvestart.

Kommentarer

Populære innlegg