Petra godkjent og debutklar

Eg rei prøveløp på Petra K. på tysdag forrige veke. Det gjekk veldig fint. Ho varma rolig og greitt, så eg tok ein prøvestart med ho like før start. Alt var veldig fint. Prøveløpet gjorde ho på ein fin måte. Første 500 meter på 1.23,9, første 1000 meter på 1.21,9. Første 1450 meter på 1.21,3 og me kom i mål på tida 1.20,9. Det var eg veldig godt nøgd med åleine. Me melde ho til sitt fyrste monteløp på fredagen. Det vil seia at ho skal starta sitt debutløp i Bergen på torsdag.

Det er eit løp over 1600 meter med autostart, noko som passar ho perfekt. Det er amerikanerløp, og me fekk femtespor, noko som viser at ho er midt på grunnlagsmessig. I travløp er ho rask frå start, men eg veit ikkje korleis ho er bak bilen i monté. Det kjentes fint ut i prøveløpet, så eg gler meg til å koma ut i løp med ho. Innerst inne håpar eg ho kan vera god nok til å kjempa om ein trippelplass. Ho har berre to hurtigarbeid under sal bak seg (og det eine var prøveløpet), så det kan henda ho treng litt rutine for å forstå kva ho skal.

Motstanden:
1. High Five T.K.: Vann eitt sprintløp i monté i juli 2012, har vore litt variabel etterpå, men kan vera på trippelen om han ikkje galopperer.
2. Poulidor: Montédebutant som gjekk 22,0 i prøveløpet. Han kan vera litt vanskeleg bak bilen, men om han trakkar avgarde i rett gangart har han i alle fall form til å vera langt framme. Stor og fin hest som bør eigna seg til monté.
3. Tamaran: Gjekk eit fint løp til 2. plass i sin montédebut på Sørlandet. Har flink rytter og tjener nok litt på det.
4. Beyonce B.R.: Gjekk veldig godt før galoppen i sin montédebut. Kan vera langt oppe om rytteren klarar halda ho i riktig gangart.
6. Nopeacelikeheaven: Leverte eit flott montéløp sist ho var ute under sal. Har vel kanskje fordel av sprint, gjekk 15,7 i sitt forrige montésprintløp, og skal kjempa om sigeren her.
7. General Liberty: Overraska meg i sin montédebut, der han vart tredje. Om han har gått fram med løpet, kan han kanskje vera med på trippelen igjen.
8. Aramis T.K.: Har ikkje starta sidan september i fjor, og gjekk sitt siste montéløp i juni i fjor. Har uerfaren rytter, og treng nok løp i kroppen etter pause. Sjølv om han har nokre trippelplasseringar i monté, er det nok premie som er målet etter så lang pause.
9. Fashion Albert: Er ein hest i form. Har berre gått eitt montéløp, då enda han uplassert på 18,9, men møtte mykje hardarde motstand enn han gjer her. Rytteren har berre vore ute i tre løp i sin karriere, og jaktar sin fyrste premie. Den kan koma her.
10. Mc Laren: Enda uplassert i sin montédebut. Står perfekt inne grunnlagsmessig her, og har flink rytter. Har ikkje fått så mange premiar i det siste, men om han skulle finna ut at monté er kjekt kan han vera langt framme.

Startliste:
Løp: 2  #MONTÉLØP #  (ca. kl. 18:52)
MONTÉLØP
Varmblods. 4-12-årige høyest 395.000 kr.
1600 m. Monté Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 15.000-7.500-5.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V65-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 High Five T.K. Christina A. Hande 93.500 1.17,5v 1.16,1a
1600 2 Poulidor Victoria Steine 110.000 1.17,4v 1.15,9a
1600 3 Tamaran Lise Hjetland 180.850 1.17,1v 1.14,4a
1600 4 Beyonce B.R. Sandra Pedersen 187.283 1.16,0v 1.15,8a
1600 5 Petra K. Charlotte Steine 190.532 1.16,2v 1.13,7a
1600 6 Nopeacelikeheaven Elisabeth Hansen Haukeland 221.401 1.16,3v 1.14,1a
1600 7 General Liberty Malin C. Stokke 230.000 1.17,1v 1.15,1a
1600 8 Aramis T.K. Bjørg Marit Gjeterud 230.750 1.15,8v 1.15,1a
1600 9 Fashion Albert Hege Kristin Høyland 323.118 1.17,8v 1.13,3a
1600 10 Mc Laren Caroline L.B. Morken 384.573 1.17,2v 1.14,5a

Eitt bilete eg har klyppt ut frå ein film frå prøveløpet:

Kommentarer

Populære innlegg