5. plass i rekruttløpet

Eg køyrde Miss Joeleen K.B. i rekruttløpet på Forus på tysdag. Ho var hissig og skeiv i varminga, men vart litt betre då me tok på sjekken til løpet. Me fekk ein fin start, og kom greitt til som fjerdehest på innersporet. Ho datt innover på svingane, men me kom oss rundt utan galopp. Inn på nest siste svingen byrja dei to framføre meg å gje seg litt, men eg var usikker på kor mykje eg hadde att å kjøra med. Så eg venta til ut på siste bortre langsida før eg angreip. Då runda eg dei to, slik at me kom opp som femtehest. Den plasseringa haldt me heilt inn, sjølv om ho nærma seg den foran oppunder mål. Ho kom i mål på tida 1.18,6 og fekk 2500 kroner for det.

Dette biletet tok Arnfinn Roaldsøy, www.fotobertil.net, av oss:

Kommentarer

Populære innlegg