Ingen suksess i Bergen

Eg var til Bergen for å ri Dag Viktoria 13. februar. Ho fungerte ikkje optimalt i varminga. Ho sprang litt på seg og skjena fælt med bakparten, men gjekk ok i 30-fart då eg rei ein prøvestart. Me justerte litt til løpet, og i prøvestarten verka ho betre. Det vart ein omstart, og då slengde ho seg i galopp. I det gyldige forsøket trefte me perfekt og fekk leiarryggen til Karmøy Eld. Det vart veldig ideellt, sjølv om eg frykta det gjekk litt fort undervegs. Eg følte at ho aldri fekk lagt seg skikkelig til. Og 500 meter frå mål var ho ferdig. Me fullførte løpet, men ho vart rapportert. Ho gjekk på tida 1.33,1. Eg trur nok dessverre ikkje ho var sterk nok til å fullføra i det tempoet som var undervegs. Så då enda me uplassert.

Kommentarer

Populære innlegg