To sjeneringar på Sørlandet

Leticia var veldig ukonsentrert og vinglete i varminga, men fungerte fint då eg sette fart på ho rundt ein sving i varminga. Me sette på eit par bussar framme for å vera på den sikre sida så ho vart litt meir stabil.

Ho var ikkje på høgget bak bilen, så eg lot ho berre gå og rei inn sist på innersporet. Då Siv Emilie rei framover i andrespor med K.N. Wind rei eg ut bak ho, for då rekna eg med at eg hadde beste ryggen i feltet. Problemet var berre at Neon låg delvis i halvspor. Og ein runde frå mål rei ho rett ut og sjenerte min hest. Då stoppa Leticia opp litt, så eg måtte få gang på ho igjen. Det klarte eg ned siste bortre langsida, og då kjentes det ut som ho skulle vera med å kjempa framme. Men like før me skulle inn i siste svingen gjekk ein av konkurrentane som låg i fyrstespor ut i andrespor. Det vart trongt sidan eg kom i så stor fart bakfrå og Leticia rykka til, og stoppa nesten heilt. Det tok av ho heile piffen og ho ville ikkje meir etterpå. I svingen slo ho på ein galopp, men eg rei til mål så dermed vart me distanserte. Eg synest det er keisamt at debuterande hestar får ei slik oppleving fyrste gong under sal.

Kommentarer

Populære innlegg