Karmøy Mai godkjent

På tysdag rei eg Karmøy Mai i prøveløp på Forus. Ho var veldig hissig i varminga, men ho verka travsikker og stabil. Rett før prøveløpet sette eg fart på ho ned ei langside for å få ho i gang. Oppassaren meinte ho ikkje trong så mykje sjekk, men då eg testa litt følte eg at ho trong litt meir, så eg drog opp sjekken litt meir. Då vart ho veldig fin. Me fekk ein fin start, betre enn den andre i prøveløpet. Ho var ivrig i starten og prøvde å ta att varmblodsen framføre. Den opna fyrste 500 meter i 1.30-fart.

På førehand ville ikkje kretsen rundt hesten at ho skulle gå så fort, for ho hadde hatt lang pause frå løp, så eg rei i jamn 1.34-1.35-fart. Kristine hadde ridd eit hurtigarbeid på ho og då hadde ho gitt seg i siste svingen. Så i siste svingen smatta eg på ho eit par gongar og då tok ho i. Ned oppløpet kom den andre hesten litt nærare, og då auka ho farten automatisk og trava fint ned oppløpet i 1.28-fart. Eg var nøgd med ho, og eg synest det verka som ho hadde nokre sekundar å gå på. Ho trava 1.33,8.

Desse bileta tok Rune Eikeland av oss:





Kommentarer

Populære innlegg