Nytt oppsitt på Come Pete

Nok ein gong har eg fått gjesteoppsitt på Come Pete. Han har berre gått to montéløp. I det fyrste løpet som Anette Selliken rei galopperte han og vart diskvalifisert. Då eg rei han sist var han ikkje som best for dagen, men fekk likevel 4. plass på 21,6. Eigarane mistenkte at han var sjuk i den forrige starten, så det vert spanande å sjå om han er betre denne gongen. Han må nok gå betre enn han gjorde sist for å få ein premie, men det håper eg han gjer.

Motstanden:
1. Lord Aristo: Montédebutant som gjekk 19,7 i prøveløpet. Kristine meinte han ikkje kunne så mykje fortare, og ho var usikker på korleis han reagerte når han fekk hestar rundt seg. Sidan ho vel å ri denne, har ho nok litt tru på han. Han har tulla litt i travløp, men kapasiteten er bra. Spennande å sjå kva han kan.
3. Zenitzia: Galopperte seg bort sist i monté, men er vanlegvis jamn og flink. Utan galopp kjempar ho i toppen her.
4. Lexby Girl: Er nok ein premiekandidat.
5. Gallant Victory: Gjekk godt til 4. plass sist han starta travritt, og fekk 3. plass i det første montéløpet han gjekk. Hart vist fine takter i travløp den siste tida. Ein outsider.
6. Sugar Alcore: Har berre gått eitt montéløp, og det enda i galopp og uplassert. Har flink rytter no. Skal starta travløp på Sørlandet søndag, så den innsatsen er verdt å sjekka før løpet.
7. K.L.M. Kilroy: Gjekk eit godt løp i sin siste start, og er jamnt flink i monté. Frå 40 meter tillegg er han kanskje ein premiekandidat å rekna.
8. Oxford: Gjekk eit veldig godt løp til 2. plass for Lise i sin siste montéstart. Står på 40 meter tillegg no, men om han leverer tilsvarande innsats som sist skal han reknast med trippelsjanse.
9. Whatwouldtheysay: Falt utav travet og galopperte i sin montédebut sist. Får Malin på ryggen no, og ho er flink å få fart på dei. Om han går i trav, så er har han meir kapasitet enn dei andre i feltet.
10. Kings Centaurus: Gjorde eit fint løp i sin siste start. Går alle distansar under sal. 60 meter tillegg er mykje, men han er god nok til trippelplass.
11. Going Southwind: Har levert to fine innsatsar i sulky no. Har berre gått eitt montéløp for sin nye eigar. Han er nok i betre slag no enn då. 60 meter tillegg er langt, men han har form.
12. Ronald Star: Har ikkje starta i år, og fekk berre to premiar i fjor. Må vera betre om han skal få premie frå 60 meter tillegg.

Startliste:
Løp: 3  #MONTÉLØP #  (ca. kl. 19:15)
MONTÉLØP
Varmblods. 4-12-årige.
2040 m. Monté Tillegg 20 m. ved vunnet 100.000 kr., 40 m. ved 250.000 kr., 60 m. ved 500.000 kr.
Premier: 20.000-10.000-6.000-4.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V5-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Lord Aristo Kristine Kvasnes 59.500 1.19,0v 1.18,0a
2060 2 Come Pete Charlotte Steine 175.700 1.16,0v 1.14,2a
2060 3 Zenitzia Anette Selliken 117.500 1.17,5v 1.16,4a
2060 4 Lexby Girl Silje Revheim 136.600 1.17,0v 1.14,6a
2060 5 Gallant Victory Malin C. Stokke 112.950 1.17,5v 1.15,4a
2060 6 Sugar Alcore Eirin Bjerland Vinvand 220.500 1.16,9v 1.15,4a
2080 7 K.L.M. Kilroy Brit Lea 393.000 1.16,5v 1.14,6a
2080 8 Oxford Lise Hjetland 255.705 1.16,3v 1.15,0a
2080 9 Whatwouldtheysay Malin Berås 446.737 1.16,0v 1.12,3a
2100 10 Kings Centaurus Kari Anne Knutsen 701.393 1.15,5v 1.13,3a
2100 11 Going Southwind Siw Helen Bø 771.771 1.14,7v 1.12,3a
2100 12 Ronald Star Ida Jansen 1.102.670 1.14,2v 1.12,8a

Dette biletet tok Rune Eikeland av oss sist:

Kommentarer

Populære innlegg