Montédebutant på Sørlandet

I morgon skal me til Sørlandet for å starta med stallhesten Petra K. I samband med det fekk eg eit gjesteoppsitt på montédebuterande Leticia. Ho står i trening hjå Rune Wiig. Ho vann i sin fjerde siste start, men har enda utan premie i sine to siste startar. Montéprøveløpet var det Malin som rei, då gjekk ho 1.20,0 og såg heilt grei ut. Eg veit ikkje kva ho kan, og det visste ikkje trenaren heller. Grunnlagsmessig står ho veldig fint inne, og fekk dermed spor nesten ytterst bak bilen. Me får gjera så godt me kan og satsa på ein premie fyrste gong ut.

Motstanden:
1. Kiko: Montédebutant med lågt grunnlag. Ho gjekk prøveløp på 21,3 og det er vanskeleg å vurdera kva ho kan. Sidan ho står så hardt inne grunnlagsmessig er det kanskje premie som er målet?
2. Emiljan: Har berre gått eitt travritt, og det enda med 5. plass. Om eg hugsar rett så var han rask frå start då. Eg veit han har gått fleire gode hurtigarbeid, så kanskje han kan enda på trippelen med rett løp.
3. Sugar Alcore: Gjekk eit veldig godt løp til 2. plass i sin siste start. Trenaren skal opp på ryggen no, men ho kjenner han nok frå trening. Dersom han held seg til trav skal han kunna vera på trippelen igjen.
4. C.C. Lina: Kjenner eg frå før, for eg har ridd ho nokre løp tidlegare. Ho var diska i sin siste start, men har nok fordel av autostart for ho er startrask. Her trur eg ho kan kjempa om ein premie.
5. Neon: Er ein jamn og flink montéhest. Han er startrask og går godt til mål. Skal reknast med vinnarsjanse om løpsopplegget klaffar.
6. Charmbermaid: Har gått nokre gode montéløp og fekk fjerdeplass sist ho starta travritt. Kjempar kanskje blant dei fire igjen om det klaffar undervegs.
7. Bar Story: Er litt vanskeleg å vurdera. Han kan galoppera bak bilen, men er god nok til å kjempa i toppen feilfritt. Kristine har ridd han ein gong før og då fekk dei andreplass.
8. Money Brother: Startar ikkje.
10. K.N. Wind: Er kanskje den beste montéhesten i feltet, og står veldig fint inne grunnlagsmessig. Vann etter lang pause i sin nest siste start, og har fått endå eit løp i kroppen etter det. Har den beste rytteren og er ein god kandidat til seieren.

Startlista:
Løp: 2  #MONTÉLØP #  (ca. kl. 18:20)
MONTÉLØP
Varmblods. 4-12-årige høyest 370.000 kr.
2140 m. Monté Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2140 1 Kiko Elsie Hafskjold 97.500 1.19,3v 1.14,8a
2140 2 Emiljan Sanna Svendsen 227.000 1.17,4v 1.15,3a
2140 3 Sugar Alcore Kari Anne Knutsen 233.000 1.16,9v 1.15,4a
2140 4 C.C. Lina Eirin Bjerland Vinvand 233.250 1.17,4v 1.14,8a
2140 5 Neon Monica Borge 267.940 1.17,1v 1.14,9a
2140 6 Chambermaid Linn Isaksen Frøysland 268.500 1.17,0v 1.13,6a
2140 7 Bar Story Kristine Kvasnes 299.000 1.15,4v 1.14,2a
2140 8 Money Brother Malin Berås 325.971 1.15,3v 1.13,1a
2140 9 Leticia Charlotte Steine 327.500 1.15,1v 1.14,0a
2140 10 K.N. Wind Siv Emilie Løvvold 359.500 1.16,6v 1.15,0a



Dette biletet tok eg av ho og trenaren i Bergen 28. juli 2011:

Kommentarer

Populære innlegg