Pay Back i Bergen

I morgon tek eg turen til Bergen for å ri løp igjen. Denne gongen skal eg ri min kjære Pay Back Money. Det er ein hest eg set høgt. Han sprer glede med personlegheita si, og eg diggar å setja meg på ryggen hans. Han har dessverre hatt litt uflaks i monté så langt, sist han skulle ha starta vart køyringa avlyst. Det fyrste løpet han gjekk fekk han 2. plass og gjekk eit fint løp. Han gjekk fint sist eg rei hurtig på han, og har nok fordel av at det er sprint. Pay Back har ikkje gått sprint sidan eg køyrde han i ungdomsløpet i starten av desember, og no har han fått fleire løp i kroppen etter pause så eg håpar han er i slag. Det er mange urutinerte rytterar i feltet, så det er vanskeleg å seia kva som kan skje. Dersom Pay Back går sånn han kan, håper eg han kan blanda seg inn i trippelkampen.

Motstanden:
1. Zipin Rapida: Vann i sin montédebut, men vart uplassert i sitt andre løp. Sist han gjekk travritt var det auto og då imponerte han ikkje. Får eigaren på ryggen no. Vert kanskje litt for lett i dette selskapet, så er vel kanskje ein premiekandidat.
2. Sandy B. Cole: Gjekk fint til 5. plass i sitt fyrste montéløp, men har galoppert seg bort etterpå. Må nok gå feilfritt for å få premie.
3. Taipan Bulwark: Har ikkje gjort nokon glade i løpsbanen på lenge. Har sannsynlegvis fordel av at det er autostart, det har han ikkje gått i monté endå. Fyrste målet er nok uansett å få han feilfritt rundt og i så fall kjempa om ein premie.
4. Gallant Victory: Kan kanskje bli litt gløymt her. Vart tatt bort av ein veldig dårlig start og galopp i sitt siste montéløp. Har gått to fine montéløp før det. Om han går feilfritt så kan han kanskje blanda seg blant dei 3-4 beste, for han har vist form i sulky òg den siste tida.
5. Spenda D'Hilly: Har berre gått to montéløp. Det fyrste hadde ho rytterchampion Siv Emilie Løvvold på ryggen og då fekk ho andreplass. Det andre løpet enda uplassert. Får ny rytter på ryggen no, og er nok ein premiekandidat.
6. Fast Brown Talk: Har gått fine løp i sine fyrste montéstartar. Han galopperer mykje, men ifølgje rytteren er han meir travsikker under sal. Utan galopp er han nok kanskje god nok til ein plass blant dei 3-4.
8. Naomi Dryad: Gjekk 15,9 sist ho gjekk autosprint, men då med ein meir erfaren rytter. Bortsett frå det løpet har ho berre uplasserte løp under sal. Formen er kanskje ikkje på topp, og rytteren rir sitt fyrste løp så det er kanskje premie som er målet denne gongen.
9. Oxford: Gjekk veldig godt nest sist i monté då der var autostart, men enda uplassert i sitt siste travritt med voltestart. Med tanke på prestasjonen nest sist skal han reknast i trippelkampen, kanskje han er god nok til å gje kamp om sigeren òg.
10. Sioux D'Aunou: Var overlegen til siger i montédebuten. Går jamne tider i sulky og har vist stabil sulkyform i det siste. Står i spor ti, men sidan det er amerikanarløp så viser det at han står best inne grunnlagsmessig. Med Kristine på ryggen skal han reknast med vinnarsjanse igjen.

Startliste:
Løp: 8  #MONTÉLØP #  (ca. kl. 21:00)
MONTÉLØP
Varmblods. 4-12-årige høyest 375.000 kr.
1600 m. Monté Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Zipin Rapida Jeanett K. Flatøy 76.882 1.16,5v 1.16,2a
1600 2 Sandy B. Cole Martin Opheim Gløersen 98.739 1.17,2v 1.16,1a
1600 3 Taipan Bulwark Henriette Steine 114.500 1.16,9v 1.15,9a
1600 4 Gallant Victory Malin C. Stokke 120.950 1.17,5v 1.15,4a
1600 5 Spenda D'Hilly Julie Grindbakken 154.500 1.16,1v 1.14,7a
1600 6 Fast Brown Talk Elisabeth Storetvedt 170.500 1.16,7v 1.15,5a
1600 7 Pay Back Money Charlotte Steine 192.558 1.16,0v 1.14,6a
1600 8 Naomi Dryad Therese Martinsen 254.400 1.16,4v 1.14,5a
1600 9 Oxford Lise Hjetland 255.705 1.16,3v 1.15,0a
1600 10 Sioux D'aunou Kristine Kvasnes 256.000 1.16,3v 1.13,9a

Dette biletet har Rune Eikeland tatt av oss tidlegare:


Kommentarer

Populære innlegg