Nytt skuffande løp

I går var eg ute i nytt montéløp med Come Pete. Han var hissigare i varminga denne gongen. Etter ein rolig runde auka han farten meir enn eg ville, men ifølgje eigarane vert han endå verre om ein held på han, så eg måtte berre la han gå. Han vart endå verre då ein av dei andre som varma raste forbi fleire gonger i galopp. Dermed vart ikkje oppvarminga ideell for vår del.

Denne gongen møtte me på problem allereie i volten, då dei som rei motsatt veg ikkje heilt var på rett plass. Dermed måtte eg retta opp og justera volten min, noko som enda med at me ikkje hadde heilt toppfart på kjør. Den eine startaren ropte undervegs i volten at dette ikkje gjekk, så eg rekna med det skulle bli omstart, men slik vart det ikkje. Me kom oss greit avgarde, men det var fleire tronge situasjonar gjennom svingen. Come Pete takla dei greit og haldt seg i trav. Han var slakk undervegs i løpet og hadde ikkje noko å gje på noko tidspunkt. Ein trang situasjon i nest siste svingen tok heilt piffen av han, og han vart slakkare. På siste bortre langsida og i siste svingen datt han heilt utav travet, noko som til slutt enda i galopp. Han ville ikkje ta travet igjen etterpå, og me vart diskvalifisert.

Etterpå hadde eg dessverre inga god forklaring til eigarane. Enten er det noko gale med han, eller så egnar han seg rett og slett ikkje til monté. Det virkar som han vert veldig trøytt. Så det var ingen god oppleving. Det er keisamt når ein ikkje finn noko god forklaring på dårlege prestasjonar.

Dette biletet tok Rune Eikeland av oss:

Kommentarer

Populære innlegg