Verdig avslutning for Rei Spika

Spika gjekk sitt siste løp på torsdag. Me fekk ein kjempedårleg start, der me var heilt utan fart og tapte mykje på det. Eg rei med Trot Tracker-klokke på armen og hadde full kontroll på farten. I den fyrste svingen gjekk Spika på 1.25, og ho haldt jamn fart nesten heile vegen opp mot 1000-meterspassering i følgje mi klokke. Me overtok teten ut av fyrste sving, og fekk trykk direkte. På siste bortre langsida hadde ho ikkje nok krefter til å stå i mot trykk frå Taletta, og me fekk ledarrygg. Ho tente til att i siste svingen, og eg trudde ho skulle få tredje ei stund, så la ho litt av att, men starta opp att før målstreken. Ho gjekk eit flott løp til 5. plass på 1.30,7. Ho avslutta karrieren på ein fin måte, og enda med 351 834 kroner innkjørt. Rekordar på 1.26,8aK og 1.27,2K. No skal ho leva livets late dager som avlshoppe.


Kommentarer

Populære innlegg