Prøveløp og løp i Bergen

På torsdag skal eg heim til Bergen for å ri løp igjen. Først skal eg ut i eit prøveløp med Vertigo Jette, som far min eig. Ho er veldig usikker og galopperer lett, men ho vert ridd ein del i trening, så det vert spennande å sjå om ho greier det.

Løp: 21 Monté Prøveløp (ca. kl. 17:18)
Monté Prøveløp
2100 m. Monté. Voltestart.
ALLE Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Lady Cigar Bar Renate Aarlie 54.500 1.18,2v 1.18,4a
2120 2 Vertigo Jette Charlotte Steine 56.500 1.32,2v 1.33,3a


I det 4. løpet, V5-3 skal eg ut å ri på Rei Spika, som eg rir fast for far min. Denne gongen er det sprint, noko som er fordel for ho, men me møter mange gode og formsterke konkurrentar. Gilborken har vunne sine to siste montéløp på ein overbevisande måte, og eg trur han tek seg av dette og om han held den same formen. Utfordrarane står klare og eg trur Nøkle Pål vert den verste utfordraren, sidan alltid er i form på denne tida av året. Taletta gjer alltid gode montéløp, og utan galopp er ho langt framme. Fronskrema er ein spennande debutant, så det skal verta artig å sjå kva ho kan gjera utav seg i monté. Ho har nok fordel av sprint, og rytteren kjenner ho frå trening. Ein annan fordel for ho er forspranget på dei verste konkurrentane, sidan ho står på same tillegget som meg. Elles debuterer Mjølner Storm, Montoya får ny rytter og Espe Viktor er tilbake etter montépause. Dala Jento og Søndre Prinsen prøver seg på nytt.

Eg håper Spika gjer ein fin innsats, og går eit godt løp. Om formen er bra, kan ho kanskje kjempa om ein trippelplass her, men me er nøgde med premie.

Løp: 4 Stall Steines Montéløp (ca. kl. 19:05)
Stall Steines Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige , åpent for alle montelisenser.
1600 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 95.000 kr., 40 m ved 180.000 kr., 60 m ved 380.000 kr., 80 m ved 650.000 kr., 100 m ved 1.400.000 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte V5-3
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Dala Jento Victoria Steine 57.500 1.32,1v 1.32,5a
1620 2 Montoya Oda Mykkeltvedt 177.454 1.28,9v 1.29,5a
1640 3 Fronskrema Anne-Marie Mattingsdal 274.725 1.28,3v 1.26,1a
1640 4 Rei Spika Charlotte Steine 349.834 1.27,2v 1.26,8a
1640 5 Mjølner Storm Mariann Borgen 281.250 1.28,8v 1.27,8a
1660 6 Nøkle Pål Renate Aarlie 529.700 1.26,3v 1.25,8a
1660 7 Taletta Ronja Good Djøseland 536.500 1.26,4v 1.24,4a
1660 8 Gilborken Iselin Teigen 603.500 1.25,5v 1.24,4a
1660 9 Søndre Prinsen Sonja Kløften 403.550 1.26,0v 1.24,4a
1680 10 Espe Viktor Caroline L.B. Morken 749.300 1.24,9v 1.25,5a

Kommentarer

  1. Masse lykke til Charlotte. Dere har jo gjordt det bra på sprint tidligere dere. ;)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg