Avslutta året med 4. plass

I mitt siste løp i 2010 rei eg Park Angel. Eg trudde me skulle ta teten lett, men slik gjekk det ikkje. Ho var pigg bak bilen, men akkurat i det bilen slapp gav ho opp. Difor måtte eg leggja meg sist i feltet. Det var ikkje trøkk i ho. Store isklumpar vart kasta mot oss, og det likte ho ikkje. Eg trekte hetta allereie i den andre svingen, og då gjekk ho litt betre, og eg la meg i rygg på Company Ås.

Opp mot 1000-meterspassering vart Max Stensbæk drege ut eit spor framføre meg utan at det var plass. Då vegra ho seg, tapte all farten og vart tråkk att. Eg styrte så inn på innerspor att. På siste bortre langsida gjekk eg ut eit spor fordi den framføre stoppa litt. I siste svingen gjekk ho godt, og eg trudde me skulle ta att tredjehesten, men på oppløpet gav ho opp igjen. Då maste eg ikkje meir på ho og ho gjekk inn til 4. plass på 1.21. Ho burde nok vore betre enn ho var, men ho har gått tette løp og skal få fri ei stund no.

Kommentarer

Populære innlegg