Fantastisk sesong - Champion Bergen 2010

Dette året har eg hatt ein strålande sesong. Min beste i karrieren. Dette året har eg vore i banen 28 gongar, av dei var 22 montéløp. Resultatet av montéløpa er: 5 sigrar, 3 andreplassar, 3 tredjeplassar og 8 øvrige premiar. I 15 av montéløpa var eg blant dei 4 første i mål.

Sigersprosenten min er på 22,7. Trippelprosenten på 50. Medan eg har vore blant dei fire første i 68 % av montéløpa mine i 2010.

Om eg tek med resultata av løpa eg har kjørt og, så har eg på 28 startar: 6 sigrar, 4 andre og 3 tredje, og 11 premiar. Totalt har eg kjørt/ridd inn 145 500 kroner for hesteeigarane.

Eg har ridd mange flotte hestar. Sesongen innleda eg med 2. plass på Rei Spika. Far min eig ho, og ho har gjeve meg mange gleder dette året. Før ho kom til oss hadde ho ikkje vunne løp. Den fyrste sigeren kom i fjor, og ho tok ein ny siger med meg på ryggen i juni. Denne sesongen har me fått premie i alle løpa våre saman. Spika gjekk sitt siste løp i karrieren 23. desember, ho er bedekka med Mørtvedt Jerkeld, så neste år håpar eg at eit nytt montéfantom kjem til verda.


Dei neste løpa rei eg på Rousseau Detain. Me vann to løp på rad, og fekk ein tredje. Han vann løpa på ein enkel måte og gjekk godt til mål i sitt siste løp der han fekk 3. plass. Me vart historiske i fjor ved å trava 1.14,5 på voltestart i montédebuten. I februar vart han historisk igjen ved å vinna det fyrste autostartløpet på Bergen Travpark, og samstundes det fyrste montéløpet i V5-spelet på Bergen Travpark. Rousseau vart så skada. Då han skulle ha starta i eit V75-løp og vart han stokk halt etter defileringa. Etter det har han ikkje vore til start, på årets siste dag vart han avliva. Kvil i fred, Rousseau Detain. Eg vil sakna deg. Du var ein fantastisk hest å ri. Han gjekk alltid til mål og hadde ein fantastisk personlighet.

I juli fekk eg gjesteoppsitt på Lantern. Han var ein flott hest å ri. Enkel og justerbar. Då nådde eg mitt mål. Vinna Hennig Olsen Is' Montéløp, med eit års forbruk av is til vinnarrytter og trenaren. Det var ein kjekk hest å stifta bekjentskap til. Resten av året har denne hesten gjort kjempeflotte innsatsar saman med Brit Lea. I tillegg har han gjort fine innsatsar med sulky.

I mai fekk eg eit gjesteoppsitt på Nessaja, av Elsie Hafskjold. Ho tok turen frå østlandet til Bergen med to hestar. Sjølv rei ho Matchbar og vann enkelt med han. Eg fekk 4. plass med Nessaja, sjølv om ho var tett i halsen. Både eg og Elsie kvalifiserte oss til NTAFs montécup-finale på Jarlsberg. Då eg kom bort der og skulle vega meg fekk eg vite at finalehesten min var strøket. Det var kjipt.

Drav Svint vart eg kjent med då eg flytta til Randaberg. Eg fekk ri mitt fyrste løp på ein annan bane enn Bergen på han. Det resulterte i ein sterk siger frå dødens. Han var ein flott hest å ri. Men det gjekk ikkje like bra då me reiste til Sørlandet med han. Då vart han sparka i defileringa og løpet enda med galopp. Etter det røyk senane i eine bakfoten hans på ny, og han vart avliva.

Dette året har eg fått ri fleire prøveløp. Tempranella har eg godkjent, ho har starta eit løp etterpå. Noko som ikkje gjekk så veldig godt. Clever Boszorg godkjente eg og, men ho kom ikkje til start i monté før også ho vart avliva. Harry Trotter S.E. rei eg prøveløp på, men Stine Beate har ridd han i løpa og han har vore jamnt flink i løpa. Park Angel har eg godkjent og ridd fleire løp på. Ho har vore litt variabel i prestasjonane, men er ein fin hest å ri.

Etter eg flytta til Randaberg, fekk eg og eit gjesteoppsitt på K.L.M. Kilroy. Han var ein sprek og ivrig hest, som eg godt likte å ri. Han gjekk eit fint løp til 3. plass. Manstrong er den nye hesten til eigarane som hadde Rousseau Detain. Han fekk eg ri i desember, og det var ein spesiell herremann. Då løpet kom i gang var han ein fin hest å ri og me fekk 2. plass.

Dette året har vore prega av mange oppturar, og resultata har vore over all forventning. Det vært svært vanskeleg å få ein slik sesong igjen. No er dei fleste hestane eg har ridd i år vekke, så om eg skal få ri like mange løp neste år, må eg få sjansar av nokon andre. Eg set stor pris på alle som har gjeve meg mogelegheita til å få ri alle løpa. Det er flotte hestar eg har fått prøva.

No tek eg nye tak, legg meg i hardtrening for sesongen 2011. Eg vart Champion på Bergen Travpark, og skal neste år delta i NM for montérytterar. Det ser eg verkeleg fram til. På landsstatistikken enda eg på 10. plass, og det er eg utruleg nøgd med. Dei fleste rytterane som ligg føre meg på lista har ridd meir enn dobbelt så mange løp som meg. Eg takkar for alle sjansane eg har fått i 2010 og ser fram til nye mogelegheiter i 2011.

Kommentarer

  1. Grattis med et flott år Charlotte, du er flink!

    SvarSlett
  2. Veldig fortjent!
    Gratulerer med Championaten, det er jo noe vi alle drømmer om og få til. Veldig morro at du får komme til Drammen og ri NM.

    SvarSlett
  3. Tusen takk :)
    Eg gler meg veldig til NM. Det skal verta artig å prøva seg på Østlandet. Så eg håper at ingenting stoppar denne sjansen.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg