Drav Svint avliva

Karrieren til Drav Svint fekk ein brå slutt då han brøyt ned i ein bakfot som han har vore plaga med tidlegare. Han skulle ha starta på Forus på tysdag, men me måtte stryka han etter hurtigarbeidet på fredag. På måndag var dyrlegen for å sjå på han, men det var ikkje mykje me kunne gjera for han som var så gammal og hadde øydelagt den same foten to gongar tidlegare.

Eg fekk ri to løp på Drav Svint. Han vann heilenkelt frå dødens første løpet, medan han vart sparka på Sørlandet og galopperte frå tet. Det er trist å mista slike hestar, men han har det i alle fall ikkje vondt lenger. Karrieren avslutta han med 304 150 kroner på konto og rekordane 1.28,5M og 1.27,1aK. På 88 startar vann han 10 løp, fekk 8 andre og 6 tredje i tillegg til 24 øvrige plasseringar.

Kvil i fred, Drav Svint.

Kommentarer

  1. Forferdelig trist når vi må gi slipp på disse herlige vesene våre.... Kondolerer

    SvarSlett
  2. Utrolig trist at det skulle bli sånn. Men bedre å ta de med engang når de har så store skader enn å prøve og prøve videre.

    Hvil i fred Drav Svint

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg