10. plass på landsstatistikken

Eg har hatt ein topp sesong i år. Allereie i januar klatra eg opp på topp 10 på landsstatistikken for montérytterane. Etter det har eg vore stabilt i toppen og ikkje vore lenger nede enn 12. plass. Travritt.no publiserer jamnleg statistikken, og 2. desember vart det publisert ein ny artikkel. På mine 20 startar i år har eg 5 sigrar, 3 andre og 3 tredje, i tillegg til 6 øvrige premiar. Det har vore eit gledesår utan like. Eg har fått ri mange spennande hestar, og dei fem sigrane har eg teke med fire ulike hestar. Framleis leiar eg i kampen om banechampionatet i Bergen. Det hadde vore stas å vinna championatet. Det er to løp att i Bergen, og eg håper eg får ri dei. På Forus går siste løpet for året på laurdag, men der fekk eg ikkje oppsitt. Uansett om eg får ri fleire løp eller ikkje i år er eg strålande nøgd med sesongen min.

Link til travritt.no-artikkelen: http://travritt.no/sport/rytterstatistikk-pr-01122010

Kommentarer

Populære innlegg