Rimini Lavec under salen

Tysdag er det klart for montéløp igjen, og berre hopper stiller til start. Denne gongen sit eg på ryggen til Rimini Lavec. Har sett det siste løpet hennar i arkivet, og det var ikkje særlig imponerande. Ho stoppa veldig då. Ifølge eigaren hadde han gløymd å gje beskjed om at ho skulle ha ryggløp, og at ho dermed vart trøytt. Ho har ikkje starta sidan februar, og det er fordi ho har slitt med ein fot etter det løpet. Lise Hetland har ridd eit hurtigarbeid på ho, og då hadde ho vore fin. Lise vurderer det slik at ein premie er innan rekkevidde. Etter det eg har sett, må eg prøva å ri feilfritt og gje ho eit fint løp.

Motstanden:
1. Lucky: Den einaste montédebutanten i feltet. Eg er veldig spent på å sjå denne, alle Lucky-hestane som kjem frå Gudmestad-gjengen er flotte under sal. Dei er og veldig gode å forsvara seg frå tet, og det er ikkje ein utenkelig posisjon her. Tonje Gudmestad fortell at hoppa er masse ridd, og virkar fin i trening. Lucky har stoppa i dei tre siste travløpa, og ho fryktar det kan skje igjen.
2. Zola Classic: Har gått tre montéløp, med ein femteplass som best. Eg kjenner ikkje så godt til hesten, men ut frå resultatene ser det ut som ein premiekandidat. 
3. Grace Classic: Har gått eitt montéløp, utan å få premie. Gjekk eit fint løp under sal på ei lokalkjøring ein gong. Sjølv om rytteren er flink, trur eg det er premie som er mest sannsynlig.
5. Alo Angel: Flott montéhest, som var veldig god i montéløpet nest sist, men var ein skugge av seg sjølv i siste montéløpet. Er normalt beste hesten her, om ho er tilbake på topp, sjølv frå 40 meter tillegg.
6. Cox Pomona Grim: Utviklar seg litt etter litt for kvart montéløp, og eg synest ho var positiv til 4. plass sist. Kan fort få sin første trippelplass under sal her, sjølv om ho står på tillegg.
7. Lucky Run: Er jamn og flink i monté, og dukkar ofte opp på trippelen. Det kan ho fort gjera denne gongen òg. Har ikkje vunne sidan august i fjor, men kanskje det er lukkemånaden hennar og at årets fyrste siger kjem her?
  


Kommentarer

Populære innlegg