5.plass med Rimini Lavec

Foto: Arnfinn Roaldsøy
Tysdag 7. August rei eg Rimini Lavec i eit montéløp. Eg hadde ikkje vore borti ho før, men fekk god oppdatering av trenaren før varminga. Eg tok ein prøvestart i varminga. Det var lurt sidan ho var veldig spesiell, og ikkje visste kva fot ho skulle stå på i volten. Men ho løyste likevel godt og kjentes veldig fin ut. Eg brukte ikkje sjekken, og me vart einige om å ta den av til løpet.
I volten gjekk det mykje betre utan sjekk, og ho gjekk heilt fint. Me fekk ein ok start, men det var hardt kjør i front, så eg lot ho berre gå i førstespor i sitt tempo. Strekhestane rei fort heile vegen. Med tanke på det siste løpet Rimini gjekk, der ho stoppa heilt, og den lange pausen, så tok me det rolig bak i feltet. Eg håpa at nokre av dei foran skulle bli trøytte, men dei haldt veldig godt. Rimini gjekk litt i rykk og napp på sisterunden, men skjerpa seg når ho fekk beskjed om det. Ho fullførte fint, og gjekk heilt til mål. Det vart 5.plass på 1.19,2. Eg synest ho gjorde eit fint løp, og eigarane var svært nøgde etterpå. Då er det ekstra kjekt.

Kommentarer

Populære innlegg