3.plass og uplassert

Foto: Arnfinn Roaldsøy/www.fotobertil.net
Tysdag 21. august kjørte eg to dame-/ungdomsløp. Fyrst ut var Baronesse Hooves, som eg ikkje varma sjølv. Eg fekk beskjed om at ho var ei ukomplisert dame. Sidan ho var startrask, håpa dei på tet og bli sitjande der til slutt. Eg skulle gira ho opp i prøvestarten, men gjorde nok ikkje dette godt nok, for ho var ikkje skikkelig på hugget då bilen køyrde. To av dei på innsida køyrde veldig frå start, og då hadde eg ikkje sjanse til å komma forbi. Eg tok opp og gjekk ned i ledarrygg. Der vart me sitjande heilt til like før mål. Då fekk eg sjansen til å køyra ut. Ho gjekk fint inn til 3.plass på 15,6. Eg køyrde løp i amerikanervogn, og var nøgd med at eg klarte det òg.

Foto: Arnfinn Roaldsøy/www.fotobertil.net
I det andre dame-/ungdomsløpet kjørte eg Vertigo Lotta. Me fekk ein veldig fin start, og eg vurderte eit augneblikk å gå inn og leggja meg i førstesporet. Men eg såg at Verdals Svarten og favoritten Langlands Odin sat i andresporet, så eg tenkte at det var gode ryggar å liggja i. Det eg gløymde ta høgde for, var at begge dei skulle komma til tet, og då sat eg att med svarteper i dødens. Den posisjonen var den einaste eg skulle unngå, så då eg likevel klarte å havna der, måtte eg gjera det beste utav det. Eg forsøkte å halda ho rolig, for å bruka minst mogeleg krefter. På siste svingen kom eg ned i førstespor. Konkurrenten på utsida køyrde trangt mot oss, og eg var nok ikkje tøff nok der, så me tapte litt på det. Ho kom tilbake oppunder mål, og sat fast til slutt. Det kjendes ut som det var litt krefter igjen på tanken. Så eg synest ho leverte eit fint løp, med tanke på posisjonen ho ikkje skal ha. Me enda utan premie, men ho trava 28,8. Dagen etter var den tidligare skadde foten heilt fin, og det er det viktigaste. Det er berre å sjå framover mot nye løp for Lotta.

Kommentarer

Populære innlegg