Lotta tilbake

Foto: Arnfinn Roaldsøy/www.fotobertil.net
På tysdag er det damenes dag på Forus. Klepp og omegn travklubb skaffar sponsorar til alle løpene, og deler ut flott kaffiservise til vinnarane. Det er ein hyggelig dag å vera kusk, og ekstra kjekt for oss damer som får sjansen til å kjøra to løp samme dag. I dameløpet skal eg ut med Baronesse Hooves, og i ungdoms-/dameløpet skal eg kjøra Vertigo Lotta.

Lotta var veldig god då ho vann V75-løp for oss 16. september i fjor. Etter det fekk ho ein gaffelbåndskade, så ho var vekke frå løpsbanen ei stund. Ho har gått fleire løp hos far min etter det, men har galoppert mykje. I sommar har ho blitt bedekka, i håp om at ho skal bli drektig med Moe Odin. Det har ikkje vore enkelt, og ho er framleis ikkje drektig, så for ein litan månad sidan byrja me å kjøra med ho igjen.

Lotta har gått i det same treningsopplegget, som ho gjorde sist me hadde ho. No ser ho finare ut enn noko gong. I løpet kjem ho ut med same utstyr og sko, som ho gjekk med for oss i fjor. Eg er veldig spent på korleis ho kjem til å prestera, for i trening har ho sett strålande ut. Ho har gått eit par hurtigarbeid, der det siste var saman med Unique, og ho leverte ein rask avslutning då. Galoppen ligg alltid på lur, og me står på 20 meter tillegg, men eg håper ho gjer ein fin innsats. Ho har vist tidligare at ho er god. No er det to månader sidan siste løp, og ho har hatt litt ferie i sommar, så me kan ikkje forventa at ho er på topp. Likevel har eg ei kjensle av at ho kan dukka opp langt framme, i feilfri utgåve.

Motstanden:
1. Bjørkejoker: Er ein god hest, som det ikkje har klaffa heilt for i år. Flink kusk her, og står fint til på strek. Kan fort vera i toppen.
2. Verdals Svarten: Bror min skal kjøra han igjen. Dei vann eit rekruttløp saman i juni, men motstanden er litt tøffare no. Bjørn viste at han hadde eit godt tak på han, og han gjer mykje riktig i sulkysetet, og det kan vera nok til å vera i toppen i eit ungdomsløp.
3. Vestpol Il: Var veldig god før i år, men har galoppert i dei to siste løpa, så formen er kanskje ikkje like god no. Er nok på jakt etter ein fin premie.
4. Spik Lotta: Har kanskje ikkje toppform no, men med flink kusk, kan ho likevel få ein fin premie.
5. Årsvoll Prinsen: Har ikkje dei beste resultata i det siste. Ida Skjæveland har kjørt hesten fire gonger før, og ho har ikkje vore dårlegare enn fjerde med han. Resultatet deira er første, andre, tredje og fjerdeplass.
7. Langlands Odin: Har gått fryktelig gode løp i det siste, og Stine har ein tendens til å vera i toppen i desse løpa. Eg vert ikkje overraska om dei står att som vinnar her.
8. Aine G.L.: Imponerte meg veldig då ho vart andre på Forus, sist ho starta der. Har ein premie og ein uplassert etter det. Synest ho er vanskeleg å plassera inn i løpet, men det kan bli hardt å henta 40 meter tillegg.
9. Oriola: Står heilt åleine bakerst, med heile 60 meter tillegg. Det er ei fantastisk flink hoppe. Ho har vore ei stund på østlandet, men er tilbake hjå eigaren no. Går mange gode løp, men eg mistenker at ho kan få for langt fram her, sjølv om ho møter billegare motstand enn ho har gjort i det siste.


Startliste:
Løp: 3  CIRCLE K. FORUS / LURA-LØPET  (ca. kl. 19:40)
CIRCLE K. FORUS / LURA-LØPET
- REKRUTTSERIEN - DAMELØP
For alle 3-15-årige.
2040 m. Tillegg 20 m. for hvert vunnet 180.001 kr.
Premier: 18.000-9.000-6.000-4.500-3.500-(3.000) kr.
Kaffeservise til kusk, travsele til eier. Gavepremier til oppasser.
Åpent for kusker med rekrutt- eller amatørlisens, født 1993 eller senere med mindre enn 51 kuskeseire pr 31.12.17, samt kusker med stallmannslisens med mindre enn 20 kuskeseiere pr 31.12.17 uavhengig av alder. Åpent for kusker med lisenstilhørlighet til F/ST/BT. Også åpent for ALLE kvinnelige kusker med max 40 seiere (kjørte løp) ved innmeldingsfristens utløp.
Kaldblods      Volte V65-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Bjørkejoker Elisabeth Storetvedt 177.000 1.28,2v 1.29,2a
2040 2 Verdals Svarten Bjørn Steine 156.500 1.28,4v 1.27,3a
2040 3 Vestpol Il Morten Erga 153.000 1.28,6v 1.26,7a
2060 4 Spik Lotta Per Vetle Kals 330.171 1.25,8v 1.25,1a
2060 5 Årsvoll Prinsen Ida Skjæveland 305.500 1.26,1v 1.26,8a
2060 6 Vertigo Lotta Charlotte Svendsen 316.000 1.25,4v 1.27,3a
2060 7 Langlands Odin Stine Birkeland 315.408 1.26,1v 1.27,0a
2080 8 Aine G.L. Maylen Lode 539.602 1.25,6v 1.25,9a
2100 9 Oriola Thomas Sverre Karlsen 640.000 1.25,4v 1.24,7a

Kommentarer

Populære innlegg