Dameløp med ei baronesse

Baronesse Hooves: Foto: Charlotte Svendsen
Årets dameløp på Forus vert kjørt tysdag 21. august. Eg var frekk nok til å spørja om å låna Baronesse Hooves, og vart veldig glad då eigaren sa han hadde meldt. Det er ingen damer som har kjørt ho i løp, så det vert spennande å sjå korleis ho reagerer på det. Eg har alltid likt hoppa, for ho er stor, fin og har flott teknikk. Ho imponerte meg i det siste løpet ho gjekk, då ho vart tredje på 14,5 bak Fam B.R. og Red Shankly R.S. Så fort har ho ikkje trava på mellomdistanse tidligare. I starten av juli gjekk ho ny rekord på sprint og, så formen er nok fin på denne dama. Ho har ikkje vunne løp sidan desember 2016, men ho er veldig startrask, så eg får prøva å få ein fin posisjon undervegs. Eg håper ho trivs med ei dame i sulkyen, og at me klarer å få med oss ein fin premie. Ifølge Jørn Bjaanes, som pleier kjøra ho, er ho enkel og lettkjørt, så det bør eg klara.

Motstanden:
1. Lucky Black Pearl: Har ikkje starta sidan ho vann 26. juni. Ho har gått ein månad på beite i sommar, men såg fin ut i trening, ifølgje eigaren då eg trefte han på Forus for ikkje så lenge sidan. Lucky-hestane er heilt rå på å forsvara seg frå tet. Om dei klarer forsvara teten, eller får overta, så vert dei vanskelege å passera.
2. Dream Princess: Har gått mange imponerande løp i år. Har bytta stall no, men eg reknar med at Mariann har kontroll på treninga, så då er ho nok klar og godt førebudd. Spennande å sjå korleis formen er, sidan det er to månader sidan siste starten. Kan kjempa i toppen direkte.
3. Mr. Malando: Har gått tre langløp på rad, og vore veldig flink. Er god nok til å vinna dette løpet.
5. Dante Kievitshof: Leverer gode løp heile tida. Stine kjenner han godt, og ho er flink å dukka opp i rett ende i desse løpa. Hestens siste siger kom nettopp med Stine i sulkyen, også det løpet på Forus.
6. Don Carlos D.E.: Går stadig fine løp, og Ida kjenner han godt. Jakter ein ny, fin premie her.
7. See U. Soon D.K.: Er kanskje ikkje i sin beste form no, så er vel i utgangspunktet på jakt etter ein premie. Mette har kjørt hesten fem gonger før, og har tre andreplassar og ein tredjeplass som resultat i dei fire løpa hesten ikkje galopperte.

Startliste:

Løp: 2  KLEPP OG OMEGN TRAVKLUBBS DAMELØP  (ca. kl. 19:15)
KLEPP OG OMEGN TRAVKLUBBS DAMELØP
For 3-12-årige høyest 250.000 kr.
2040 m. Autostart.
Premier: 16.000-8.000-5.000-4.000-3.000-(3.000) kr.
Kaffeservise til kusk, travsele til eier. Gavepremie til oppasser.
Åpent for ALLE kvinnelige kusker med max 40 seiere (kjørte løp) ved innmeldingsfristens utløp.
Varmblods      Auto V65-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Lucky Black Pearl Marie Øvestad 196.500 1.16,3v 1.14,7a
2040 2 Dream Princess Elisabeth Storetvedt 236.500 1.16,2v 1.13,2a
2040 3 Mr. Malando Brit Lea 223.000 1.15,4v 1.15,2a
2040 4 Baronesse Hooves Charlotte Svendsen 188.000 1.16,7v 1.13,9a
2040 5 Dante Kievitshof Stine Birkeland 188.393 1.15,9v 1.14,1a
2040 6 Don Carlos D.E. Ida Skjæveland 186.540 1.16,5v 1.14,5a
2040 7 See U. Soon D.K. Mette H. Mæland 241.059 1.16,2v 1.14,3a

Kommentarer

Populære innlegg